Vêrradar for Ålesund

Ein vêrradar på Aksla gir Ålesund kommune lokale og nøyaktige vêrobservasjonar.

Radaren har ei rekkevidde frå Hustad i nord til Stadt i sør, og registrerer kontinuerleg type nedbør, mengde nedbør og hastigheit.

Vêrradar - Ålesund

Nedbør

  • Oppdatering: Kvart 5. minutt
  • Oppløysing: 150 meter

Viser nedbørsområde og intensitet. Animasjonen indikerer vidare forløp.

Merk at det tidvis kan det forekomme refleksjonar frå terrenget som framstår som lett nedbør på samme plass over lengre tid. Dette vil bli korrigert av Metereologisk institutt.

Vêrradar - nettverk Nordvestlandet

Nedbør

  • Oppdatering: Kvart 5. minutt
  • Oppløysing: 250 meter

Viser nedbørsområde og intensitet. Animasjonen indikerer vidare forløp. Dette bildet er ei samanstilling av den lokale vêrradaren på Aksla i Ålesund og Meteorologisk institutt sine vêrradarar på Stadt og Rissa.

Vêrradar - nedbør siste 6 timar

Nedbør

  • Oppdatering: Kvart 15. minutt
  • Nedbør siste 6 timar.

Viser kor intensiv nedbør det er og grunnlag for å vurdere flomfare.

Dette bildet er ei samanstilling av den lokale vêrradaren på Aksla i Ålesund og Meteorologisk institutt sine vêrradarar på Stadt og Rissa.

​Om vêrradaren

Vêrradaren er eigd og blir drifta av Furuno Norge, mens Ålesund kommune  bidreg med infrastrukturen som radaren er montert i. Formålet med samarbeidet er å:

  • gjere betre vêrdata tilgjengeleg for publikum.
  • gje data til Meteorologisk institutt.
  • nyttegjere vêrdata i kommunale tenester.
  • legge til rette for bruk av vêrdata i Furuno Norge si produkt- og tenesteutvikling.
  • bidra til forsking, utvikling og innovasjon i regi av akademia og forskingsinstitusjonar.

Du kan også sjå vêrkarta på nettsida til Furuno.

Ansvarleg for tenesta