Tettstadprosjekt for Sjøholt sentrum

På Sjøholt, aust i kommunen, blei det starta arbeid med tettstadutvikling og ny reguleringsplan for sentrum hausten 2017.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Tettstadutvikling handlar om planlegging av ein tettstad med fokus på god folkehelse slik at folk kan bevege seg meir, skape gode møteplassar, gjere byromma tilgjengeleg for alle, legge til rette for mjuke trafikantar, og skape ein god barndom, vaksenliv og alderdom der alle kan delta og kjenne seg trygge.

Undersøkinga

Arbeidet vart gjort greie for med tekst og bilde i to sosiokulturelle stadanalysar som er kalla Fysisk Stedsanalyse Sjøholt og den andre Stedsbilder Sjøholt. Du kan lese analysane i ved å gå inn på lenkene under.

Byrom er eit omgrep som vert nytta mykje i planlegging, omgrepet betyr ein plass som er opent for alle, og kan brukast i fellesskap.  Plassen skal vere ein innbydande plass å opphalde seg for alle. Parallelloppdrag er eit anna ord for å sjå etter moglegheiter. Tettstadutviklinga inkluderer eit slikt oppdrag for å synleggjere kva moglegheiter Sjøholt har, både for fellesskapet og for utvikling av Sjøholt som ein levande tettstad.

Medverknad

Tettstadutviklinga har lagt stor vekt på medverknad, som også har danna grunnlag for utarbeiding av reguleringsplan for Sjøholt. Medverking betyr at innbyggarane, dei som eig tomter, dei som arbeider og bruker Sjøholt skal få moglegheit til å komme med sine synspunkt og ta del i arbeidet. Regjerings sei at medverknad gir gjensidig læring og demokratiutvikling, eigarskap og kvalitetsheving av arbeidet. Dette har kommunen fått erfare gjennom arbeidet på Sjøholt.

Rapporten, «Sjøholt: Frå tettstad til fjordlandsby i nye Ålesund kommune», viser framtidsskisser og ei retning for utvikling av Sjøholt sentrum i eit langsiktig perspektiv. Det er gitt ti overordna råd for utvikling av tettstaden; Sjøholt.

Arbeidet er forankra hjå politikarane som også har tatt del i medverknaden og som gjer vedtak for kommunen.

Arbeidet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, tilsegn nr. 2018-0082.

Tiltak

Mange tiltak er alt gjennomført! Merking av kommunal gang- og sykkelveg og køyreveg, meir gatelys og sykkelstativ på busshaldeplassen er konkrete tiltak som er gjennomført som har fått svært positiv omtale for dei som bur og bruker Sjøholt. Dette med m.a merking kan gjennomførast før reguleringsplanen er vedteken. Forslag til reguleringsplan har lagt ute til offentleg ettersyn for andre gong fram til 28.02.2020, og er ikkje vedteken. Planen vert arbeidd vidare med i Ålesund kommunen til den er ferdigstilt, og vedteken.

Målet med tettstadutvikling er å inspirere utbyggarar og grunneigarar til å investere, og gjere det attraktivt for næringsaktørar å etablere seg på Sjøholt. Arbeidet ønsker å gi innbyggarane framtidstru og stoltheit for tettstaden si.

Meir informasjon

Vil du vite meir om arbeidet på Sjøholt? Du er velkommen til å kontakte Cecilie Solli