Vi treng nye medlemmar til kommunedelsutvala

Brenn du for eit aktivt og godt nærmiljø i kommunedelen din? Då treng vi deg med på laget! 

Kommunedelsutvala skal legge til rette for at innbyggarane lettare kan vere med å uttale seg og bestemme i saker som gjeld kommunedelen.

Kommunedelsutvala skal vere initiativtakar til - og talerøyr og lyttepost for - saker som innbyggarane og nærmiljøet i kommunedelen er opptatte av. 

I følgje den vedtatte møteplanen for 2024, vil det vere 6 møter for kommunedelsutvala neste år. Av desse møta er det tre eigne møter og tre fellesmøte. Møta foregår på ettermiddagen, med møtestart klokka 17.00 og varer i cirka 2 timer.

Kva slags oppgaver skal eit kommunedelsutval løyse?

Høyringssaker skal leggast fram for kommunedelsutvala så tidleg som mogleg slik at kommunedelsutvala skal kunne uttale seg og vere høyringsorgan i plansaker, budsjett- og andre overordna saker som vedkjem heile kommunen. 

Eit eksempel på ei oppgave som er tildelt kommunedelutvala er å nominere ein kandidat kvar frå sin kommunedel til Ålesund kommune sin heiderspris. Formannskapet vel ut ein vinnar og tildeler prisen. 

Har du forslag til medlemmar?

Eller kunne du tenkt deg å ta utfordringa sjølv? Bli med å skape eit betre lokalmiljø i ditt nærområde!  Registreringa er no open, og fristen for å foreslå er 20. desember.

Kven består eit kommunedelsutval av?

Eit kommunedelsutval består av ordinære innbyggarar (mannen i gata), frivillige frå lag og organisasjonar, representantar frå næringsliv og politikarar. 

Her samlast ein for å saman arbeide for eit godt lokalmiljø.

Kommunedelsutvala har ei brei samansetning av medlemmer både når det gjeld alder, kjønn og bakgrunn, og ungdom ned til 14 år kan velgast. 

Lokale tiltak og saker

Sjå kommunale reglement

Fleire av utvala har eigne Facebooksider. 

Kommunedelsutvala er inndelt i geografiske område lik ungdomsskulekrinsane og desse er oppnemnd til kvart utval. Her er lenker direkte til oversikt over tidlegare behandla saker: 

 

Ansvarleg for tenesta