Slik søker du om byggeløyve

Nokre byggjetiltak kan du søke om utan at du treng å bruke fagfolk, men for større tiltak må ansvarlege føretak stå for både søknad, prosjektering og utføringa. 

Slik går du fram

Sjå denne filmen før du går i gang med byggesøknaden.

Du kan lese om alle stega du må gå gjennom før og under søknadsprosessen i veiledar for byggesøknad. (Direktoratet for byggkvalitet, DiBK)

For mindre byggjetiltak kan du også bruka rettleiaren til eByggesøk.

Send inn søknad

Send digital byggesøknad (dibk.no) 

Dersom du vil fylle ut skjema for hand, kan du laste ned skjema frå dibk.no og sende den i posten til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller på e-post til: postmottak@alesund.kommune.no

Dei ulike søknadstypane er: 

Saksbehandling

Kor lang tid tar det?

Ved eittrinnssøknad, der alt er innanfor lovverket og ingen naboar har protestert på det du søker om, er behandlingstida på søknaden 3 veker. Dersom det er manglar i søknaden vil du få skriftleg tilbakemelding om dette.

Saksbehandlingstida er 12 veker for søknader som krev rammeløyve, tiltak som har nabomerknader, eller tiltak som krev dispensasjon eller uttale frå andre styresmakter.

Kva kostar det?

Når du har mottatt vedtak om det du har søkt om, må du betale gebyr for saksbehandlinga.  Sjå gebyra for byggesak.

Klage på avslag?

Får du avslag på ein byggesøknad, har du høve til å klage. 

Klagefristen er 3 veker frå den dagen vedtaket kom fram til den påførte adressa. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan den dagen klagefristen går ut. Klagen kan sendast via post til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller via e-post: postmottak@alesund.kommune.no

Klagen må:

  • vere grunngitt. Klagen bør også nemne eventuelle andre opplysningar som kan ha noko å seie for kommunen si vurdering.
  • ha med kva vedtak det blir klaga på.
  • ha med kva endringar som eventuelt er ønska.
  • vere underteikna.

Når du er ferdig

Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest. Det er først når søknad om ferdigattest er godkjent, at du har lov til å ta i bruk bygninga.