Slik sender du søknad sjølv

Skal du sende inn ein byggesøknad? Her finn du ei sjekkliste på kva som skal til for å gjere dette sjølv.

Sjekk først om du må sende byggesøknad

Kva skal du bygge? Sjekk om du må søke.

Slik søker du

1. Sjekk planar og føresegner for eigedomen din

Før du bygger, riv eller endrar må du sjekke kva planar og førsegner som gjeld for eigedommen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedommen din til.

Sjå føresegner, kommuneplankart og reguleringsplanar

2. Få rettleiing

Før du går i gong med eit prosjekt, kan du møte oss for å få svar på spørsmål om byggetiltaket.

Bestill førehandskonferanse

3. Samle alt du må ha i byggesøknaden

Skildre kva du søker om

Skriv eit kort følgebrev som gjer det enkelt for saksbehandlar å sette seg inn i kva du søker om. Du må også grunngi eventuelle dispensasjonsøknadar.

 

Teikningar og kart du må lage er

  • situasjonskart der du har teikna inn kva du skal bygge.
  • Målsette plan-, snitt- og fasadeteikningar.
  • Teikningar som viser sist godkjent situasjon. Dette finn du i saksinnsyn eller ved å kontakte kommunens innbyggartorg/dokumentsenter. Det kan òg bestillast via leverandørane våre, meir informasjon finner du på siden om teikningar og ferdigattest.

Utforming av tiltaket skal visast på teikningar og plassering av tiltaket skal visast på situasjonsplan. Kva som skal visast på teikningar, detaljeringsgrad og målestokk, avhenger av tiltaket. Normalt vil det vere nok med fasade-, snitt- og planteikningar utført i normal detaljeringsgrad og målestokk 1:100. Hovudmål på tiltaket må førast på planar og snitt i henhold til Byggesaksforskriften

Utrekning av utnyttingsgrad
Kor mykje du kan bygge på eigedommen din, avheng av kva reguleringsføresegnene tillet av utnytting, og kor mykje som er bygd på eigedommen frå før. Dersom du skal gjere endringar som fører til auka bygningsvolum på eigedommen, må du rekne ut den nye utnyttingsgraden.

For å rekne ut dette, må du finne ut kor store eksisterande bygg på tomta er. Du kan bruke godkjente teikningar for eigedomen din, eller måle opp dei bygga og konstruksjonane som skal reknast med. Ved enkle spørsmål, kan vi rettleie deg, og ved kompliserte utrekningar oppmoder vi om å ta kontakt med fagfolk. 

Finn meir om utrekningsgrad her

Eventuelle dispensasjonar frå lov, planar og forskrifter
Dersom tiltaket er i strid med lov, plan eller forskrift, må du søke om dispensasjon frå føresegna. Du kan ikkje søke om dispensasjon frå saksbehandlingsreglar.

Les meir om dispensasjonar.

Eventuelt bevaringsverdig bygning 
For å finne ut om du eig eit bygg som er freda eller regulert til bevaring må du sjekke den gjeldande reguleringsplanen. Dette kan du gjere ved å bestille eigedomsinformasjon. Du kan òg sjekke dette i matrikkelen. Dersom bygget ditt er freda eller regulert til bevaring, bør du kontakte Fylkeskonservatoren og Ålesund Museum før du søker. Dette vil forkorte saksbehandlingstida. 

Eventuelle uttaler frå andre styresmakter
I nokre saker må du skaffe løyve eller samtykke frå andre deler av kommunen eller andre styresmakter.

Dette kan vere nødvendig i følgande samanhengar:

  • Tilknytning til vatn og avløp (Her kan du søke om “Forhåndsuttale” eller “Godkjent søknad om vann- og avløpsarbeid” fra verksemd for vatn og avløp)
  • oppretting eller endring i arbeidsplassar (kontakt Arbeidstilsynet)
  • freda eigedom eller arkeologiske fornminner (kontakt Riksantikvaren)
  • Før du sender inn bygge- eller delesøknad må du sjekke om det er registrert biologisk mangfald på eigedommen eller naboeigedommen. Her finn du informasjon om uønska framande artar. Du kan også sjekke aktuelle eigedommar her.

Eventuell tiltaksplan for graving og forureining
Dersom tiltaket medfører graving, og det er mistanke om forureining i grunnen, må det bli gjennomført grunnundersøking. Ein tiltaksplan skal sendast til kommunen for godkjenning.

Slik handterer du forureina grunn.

4. Varsle naboane dine

Når du har samla alle dokumenta du treng i byggesøknaden din, må du varsle naboar. Du treng ikkje varsle naboane om du skal gjere mindre arbeid som ikkje påverker dei.

Les meir om nabovarsling

Kva skal nabovarselet innehalde?

Nabovarselet skal gi ein dekkande beskriving av tiltaket.

Du må også legge ved:

Liste med kontaktinformasjon til naboar og gjenboarar kan bestillast ved å kontakte innbyggartorget.

Slik nabovarslar du

Du kan bruke ei eiga teneste for å finne ut kven du skal varsle, og for å lage dei dokumenta du treng for å sende nabovarsel. Du finn tenesta for online nabovarsling på dibk.no

Etter at varsla er sendt, skal naboane få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Naboane skal sende sine uttalar (merknader) til deg.

Nabovarsel kan sendast på e-post. Naboen må dokumentere at han har svart på e-posten. Ei automatisk generert stadfesting på at e-posten er lesen er ikkje tilstrekkeleg, då det ikkje er bevis på at e-posten er opna og lesen av rette vedkommande. Nabovarsel kan også sendast elektronisk på andre måtar enn e-post. 

I tillegg kan nabovarsel leverast personleg eller sendast som registrert postsending, for eksempel rekommandert. Registrert postsending er ei postsending som det blir gitt kvittering for ved innlevering, og som utleverast mot kvittering. Dette kan for eksempel vere rekommandert sending, men inkluderer også andre tilsvarande tenester.

Legg ved kopi, kvittering og merknader til nabovarsel i byggesøknaden

  • ein kopi av nabovarselet
  • ei kvittering som viser at naboane har mottatt varselet
  • eventuelle merknader fra naboane
  • eventuell grunngjeving for at naboane ikke er varslet

Send inn søknad

Privatpersonar kan lasta ned søknadsskjema på dibk.no og sende inn søknaden via digitalt skjema for innsending av bygge- og delesøknad(skjema.alesund.kommune.no).

Skjemaet kan ein også bruke til å sende inn dokument i pågåande bygge- og delesøknadar.

Du kan eventuelt sende e-post til postmottak@alesund.kommune.no eller papirsøknad til Ålesund kommune, Plan, byggesak og geodata, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller levere søknaden ved eit av innbyggartorga.

 

Ansvarleg for tenesta

 

Byggesak