Slik skriv du dispensasjonssøknad

Dersom du ønsker å bygge, rive eller endre noko som er i strid med lov, forskrift og reguleringsføresegnene for eigedommen, må du søke dispensasjon frå regelverket. Du kan ikkje søke om dispensasjon frå saksbehandlingsreglane.

Når kan du få dispensasjon

  • Omsynet bak føresegna du søker om dispensasjon frå, må ikkje bli vesentleg tilsidesett, og fordelane ved å gi dispensasjonen må vere klart større enn ulempene. Kommunens vurdering av om vilkåra er oppfylte, må ta utgangspunkt i grunngjevinga i dispensasjonssøknaden.
  • Omsynet bak føresegnene knytt til avstand kan for eksempel vere å sikre nok lys og luft mellom bygg og ivareta brannsikkerheit.
  • Du kan ikkje grunngi fordelar eller ulemper med personlege forhold, som for eksempel plassbehov og økonomi. Det er i utgangspunktet fordelar og ulemper for dei allmenne interessene som skal avvegast. I ei dispensasjonsvurdering er det ikkje tilstrekkeleg at situasjonen for dei allmenne interessene ikkje forverrast. Det må også påvisast ein fordel av tiltaket, primært for allmenne interesser.

 

Slik søker du om dispensasjon

Dispensasjonssøknaden skrivast som eit vanleg brev som blir sendt saman med byggesøknaden. I søknaden må du grunngi kvifor du skal få dispensasjon.

Søknaden må innehalde opplysingar om:

  • kven som er tiltakshaver og søkar (dersom dette ikkje går fram av byggesaka)
  • kva eigedom søknaden gjeld (adressa)
  • kva prosjektet omfattar (dersom dette ikkje går fram av byggesaka)
  • kva du søker dispensasjon frå, og eventuelt kor stort avviket er
  • tiltaket er permanent eller midlertidig
  • at dispensasjonen er nabovarsla

Dersom prosjektet ditt er unntatt frå søknadsplikt, men likevel avhengig av dispensasjon, må du også legge ved teikningar og situasjonsplan.

Ansvarleg for tenesta