Korleis rekne ut arealet i bygningar? 

Det er bruksareal (BRA) frå godkjente byggesaker som normalt blir registrert som areal i eigedomsregisteret. 

Bruksarealet er heile bustadens innvendige areal. Kjellar, bod og loft er alltid medrekna i arealet i matrikkelen, såframt dette er måleverdig. Les meir om kva som er målverdig areal. 

Bruksarealet må ikkje forvekslast med for eksempel primære areal (P-ROM) som blir oppgitt til likningsmyndigheitene og ofte førekjem i takstar. Det er berre innreidde rom som inngår i primære areal, ikkje kott, boder og liknande. 

For ein del bygg manglar det registrert bruksareal, dette skuldast registeret sin historikk. Vi oppdaterer bygningsdata fortløpande. 

Er opplysingane feil? 

Dersom opplysingane i matrikkelen avviker frå godkjente byggesaker, kan du som eigar kreve retting i tråd med det som er blitt godkjent i byggesak. 

Beskriv det du meiner bør rettast så godt du kan. Send henvendinga til postmottak@alesund.kommune.no

Bruksareal og vatn- og avløpsgebyr 

Verksemd for vatn og avløp reknar ut vatn- og avløpsgebyr for brukseiningar som ikkje har installert vassmålar på bakgrunn av bruksarealet (BRA) i matrikkelen.  

BRA for ei brukseining er arealet av brukseininga som ligg innanfor omsluttande veggar, uavhengig av bruksformål.  

I BRA er ikkje areal som opptas av veggar mellom bruksenheiter og felles delar medrekna.

Høgda i etasjen må vere minimum 1,90 m i minst 60 cm breidde for at etasjen skal vere målverdig. Det har inga betydning om bygningsvolumet er tilgjengeleg eller ikkje, om det manglar golv, vindauge, varmeisolering mv

Frittståande garasjar og boder blir ikkje medrekna i BRA, heller ikkje carportar (sjølv om dei er integrert i brukseininga). 

Tomannsbustad 

Er bygninga registrert som einebustad, men har alltid vore tomannsbustad?  

Bygninga kan ha vore registrert på bakgrunn av utvendig befaring, og dermed blitt registrert feil. Sjekk byggesaksdokumentasjon for eigedommen i Saksinnsyn

  • Dersom byggesaksdokumentasjon viser at bygninga er godkjent som tomannsbustad, kan du kreve at vi rettar matrikkelen.  
  • Dersom byggesaksdokumentasjon viser at bygninga er godkjent som einebustad, kan du søke om etablering av ny bueining. 

Sjølvstendig bueining 

Eininga må vere godkjent som sjølvstendig bueining etter plan- og bygningslova for at den skal få eit eige bruksnummer i eigedomsregisteret. 

 

Ansvarleg for tenesta