Berekning av areal på bygning

Meiner du det er nytta feil areal ved utrekning av kommunale avgifter?

  • Meinar du arealet er feil kan du melde dette elektronisk til kommunen.
  • Skal arealet endrast må eigar dokumentere endringa.
  • Arealet av ei bygning er ikkje eintydig. Det er ulike berekningsmåtar alt etter kva arealet skal nyttast til.

Bustad- og fritidseigedom som ikkje har vassmålar, skal betale forbruksgebyr etter stipulert forbruk. Stipulert forbruk vert rekna ut frå bruksarealet til bygninga multiplisert med ein faktor.

På mottekne faktura er det oppgitt kva areal som er lagt til grunn for utrekning av gebyr. Dette arealet blir henta frå matrikkelen (Noregs offisielle register over fast eigedom, som omfattar bygningar, bustader og adresser).

Stemmer ikkje bruksarealet?
Dersom du meier at det er nytta feil areal ved berekning av gebyr, kan du gi tilbakemelding om dette i skjema for melding om feil i gebyrgrunnlag og leggje ved dokumentasjon.

Skjema for melding om feil i gebyrgrunnlaget.

Kva må til for at kommunen kan endre bruksarealet?
Ein part kan krevje at matrikkelen blir retta når det blir dokumentert at opplysningane er urette eller ufullstendige, eller at grunnlaget for registreringa er falle bort, jf. matrikkellova § 26. Kommunen kan påleggje eigar av ein bygning å skaffe opplysningar om eksisterande  bygningar, jf. matrikkellova § 27.

Dokumenterte opplysningar
Dersom du har kopi av teikningar godkjent i samband med byggeløyve, kan disse sendast inn som dokumentasjon. Om eigedomen har vore taksert, kan takst nyttast som dokumentasjon på areal.

Alternativt kan du sjølv måle opp bygget dersom du måler opp i tråd med standardiserte målereglar jf. NS 3940. Rettleiaren Grad av utnytting, frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet beskriv dette nærare.

 

Nokre ulike omgrep innan arealberekning

I ulike samanhengar nyttast det ulike omgrep i forhold til utrekning av areal.

Bruksareal (BRA): arealet innanfor omgivande yttervegger. Omfattar òg innvendige vegger, sjakter etc. Bruksarealet for ein bygning er summen av bruksareala for alle måleverdige plan og etasjar uavhengig av bruken. Garasjar og buer som heng fast i bustadbygget, blir rekna med i bruksarealet på bustaden. Frittliggande garasjar og buer blir ikkje rekna med i bustadens BRA. Bruksareal nyttast mellom anna ved utrekning av kommunale avgifter.

 

Måleverdig plan/etasje: Eit plan er måleverdig dersom høgda er minimum 1,9 m i minst 60 cm breidde. Delar med skråtak med høgde lågare enn 1, 9 m blir medrekna i ein breidde på inntil 60 cm til kvar side. (Sjå rettleiaren Grad av utnytting). Areal blir sett på som måleverdig, uavhengig av om arealet er tilgjengeleg, manglar golv, vindauge, isolering etc.

 

P-ROM (primær areal): alt som kan definerast som opphaldsrom i bustaden, til dømes stove, kjøkken, soverom, bad, vaskerom og entré. Garasje, buer etc. blir ikkje rekna med. P-ROM blir nytta for å finne formuesverdien for bustaden. Det er dette arealet som blir nytta i samband med utrekning av eigedomsskatt. Ein kan finne nærare informasjon om dette på Skatteetaten sine nettsider.

BTA (bruttoareal): blir berekna utvendig av omgivande bygningsdelar, inklusiv utside av utvendig kledning.

NTA (nettoareal): areal mellom omgivande bygningsdelar. Her blir altså ikkje innvendige vegger, sjakter og liknande rekna med.

Grunnflate: dette er ikkje eit standardisert omgrep, men eit munnleg omgrep som blir brukt om arealet til grunnmuren. I samband med utrekning av tomtas utnyttingsgrad, t.d. i samband med byggesøknad, blir gjerne omgrepet BYA (utbygd areal) nytta. BYA er areal som bygninga dekkjer/opptar av terrenget, inkludert bygningsdelar utanfor fasadelivet som har tyding for bruken av underliggande terreng. Nærare opplysningar om kva som blir rekna med i tomtas bygde areal, kan ein finna på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet.

Ansvarleg for tenesta