Kva er ein reguleringsplan

Kva er ein reguleringsplan, korleis blir han laga, prosess, når og korleis kan du påverke planen. 

Korleis skal vi bu? Kor skal vi ha parkar og kor skal vi ha hus? Korleis skal vi bevege oss rundt i kommunen? Kommunen styrer dette ved hjelp av reguleringsplanar.

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan gir reglar for korleis areala innanfor eit område kan brukast eller kva slags bygningar som kan bli oppført. Planen er samansett av ein planomtale, eit plankart og planføresegner.  I tillegg kan han innehalde støyrapport, geologiske undersøkingar, eigne planar for handtering av overvatn, renovasjon, med meir.

Planomtalen inneheld sjølve beskrivinga av planen, kva ein ønsker å oppnå, samt verknadane av planen.

Plankartet viser kor bustader, vegar, leikeplassar, skolar, osv. skal ligge.

Føresegnene utfyller plankartet og definerer nærare korleis områda kan brukast, kva som kan byggast, kva som skal bevarast, osb. Ofte inneheld føresegnene også reglar om kva som må vere på plass, som til dømes ein meir detaljert plan eller opparbeiding av veg eller leikeplass, før ein kan få lov til å bygge.

Ein reguleringsplan er rettsleg bindande for arealbruken i området. Dette betyr alle tiltak innanfor planområdet må følge plankartet og planføresegnene.

Ulike typar reguleringsplanar

Det finst to typar reguleringsplanar. Eigedomen din kan vere omfatta av fleire. I kommunen sine to kartportalar (Isy Map og Isy Map Server) kan du sjølv finne arealplan for eigedomen din.

  • Områderegulering
    Denne typen plan blir utarbeidd der det er behov for betre avklaring av arealbruken av området. Områdereguleringar blir normalt utarbeidde av kommunen, eller av andre i samarbeid med kommunen.
     
  • Detaljregulering
    Dette er ein meir detaljert reguleringsplan. Detaljreguleringa tek for seg mindre område eller enkelte tomter, og gir føringar om bruk og kva som kan byggast på areala. Ein reguleringsplan er også i mange tilfelle nødvendig rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, herunder ved eventuell ekspropriasjon.

Utbyggingsplan

Utbyggingsplan ("bebyggelsesplan") er utgått som plantype for nye reguleringsplanar, men kommunen har fleire utbyggingsplanar som fortsatt gjeld. Dette er ein detaljplantype for ei ytterlegare detaljering av ein reguleringsplan. Ein utbyggingsplan har same rettsverknad som ein reguleringsplan. Han kan innehalde detaljerte føresegner om gesimshøgde, takvinkel og krav om bygningsmessig samanheng med anna busetnad, og i spesielle tilfelle material- og fargebruk og utforming av uteareal.

Når kan du påverke reguleringsplanar?

For å regulere eit område må planforslaget behandlast i ei lovpålagt rekkefølge. Alle som planen gjeld skal varslast og få høve til å seie si meining undervegs før ein reguleringsplan blir vedtatt.

Oppstart og varsling av plan

Dette er svært tidleg i planarbeidet. Den som står bak planen, for eksempel ein utbyggar eller grunneigar, har ein idé om kva som skal gjerast med eit område. Planen er foreløpig ikkje detaljert, men kommunen gir sine foreløpige vurderingar. Då skal det varslast oppstart av planarbeidet. I varslingsperioden kan naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ gi innspel til den som utarbeider planen (fagkunnig). Alle innspela skal vurderast i arbeidet vidare .

Offentleg ettersyn

Etter varslingsperioden lagar plankonsulenten eit planforslag basert på føringar frå kommunen, og innspela som kom inn. Planmaterialet kan vere omfattande med fleire vedlegg.

Planutvalet avgjer om planen skal leggast ut til offentleg høyring, om dei krev at planen blir arbeidd meir med eller om han blir avvist. Ved offentleg høyring har igjen alle som planen vedkjem høve til å uttale seg. Både kommunen og den som har laga planforslaget, vurderer korleis merknadane skal påverke planforslaget. Som regel blir det gjort nokre endringar på planforslaget. Oppdatert planforslag blir så behandla politisk.

Plankunngjeringar.

Vedtak

Kommunestyret vedtar reguleringsplanar, medan mindre endringar blir vedtatt administrativt. Dette blir annonsert i avisa og på kommunen si nettside. Partar som planen vedkjem og personar som tidlegare har sendt inn merknader til planforslaget får brev med varsel om vedtak.

Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på.

Når kan du klage?

 

Ansvarleg for tenesta