Når kan du klage

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må vere postlagt før fristen går ut.

  • Har du ikkje mottatt vedtaket, er fristen tre veker frå du blei kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket. 

Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan vi i nokre tilfelle etter ei konkret vurdering behandle klagen. Sjå forvaltningslovas føresegner om å klage på vedtak etter fristen. 

Kven kan klage? 

For at vi skal behandle klagen din, må du vere part i saka eller ha rettsleg klageinteresse. 

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg. 
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Du kan også ha ei rettsleg klageinteresse om du har ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeningar og interesseorganisasjonar der saka berører eigedommen fysisk (sol, luft, lys og skoleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verdiforringing). Om du har rettsleg klageinteresse vurderer vi i kvart enkelt tilfelle. 

Slik klager du 

Klagen må vere skriftleg og leverast til oss som eit vanleg brev eller e-post. 

For å behandle klagen, treng vi følgande: 

  • Skriv at det er ei klage. 
  • Skriv kva vedtak du klager på, for eksempel saksnummer eller namnet på saka det gjeld. 
  • Skriv kva forhold du har til saka, for eksempel at du er nabo eller næringsdrivande i området. 
  • Grunngi kvifor du klager, og skriv tydeleg korleis du ønsker vedtaket endra. 
  • Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at du sender inn den. 
  • Klagen må vere underskriven av deg eller din fullmektig, for eksempel advokat. 

Dersom du ber om at gjennomføringa av tiltaket blir stoppa til klagen er avgjort, må du legge ved ei eiga grunngiving for dette (utsett iverksetting av vedtak). 

Kor sender du klagen? 

Du kan sende klagen på e-post eller per post.

Send klagen på e-post til: postmottak@alesund.kommune.no 

Per post:

Ålesund kommune, 
Plan, byggesak og geodata 
Postboks 1521 
6025 Ålesund 

Saksbehandlingstid 

Vi skal behandle klagen innen 8 veker. 

Dersom vi ikkje er einige i di klage sender vi klagen vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Saksdokument og rettleiing

Saksdokument finn du i Saksinnsyn. Dersom du er part i saka, kan du også få innsyn i dokument som ikkje er publisert på internett. Du må då ta kontakt med plan, byggesak og geodata. 

Saksomkostningar og erstatning 

I nokre tilfelle kan du ha krav på å få dekt saksomkostningar eller erstatning

Ansvarleg for tenesta