Fornying av sals- og skjenkebevilling for perioden 2024 -2028

Etter reglane i alkohollova går alle sals- og skjenkebevillingar ut den 30. september året etter eit kommuneval. Dette er for at det nye kommunestyret skal kunne gjere endringar i den lokale alkoholpolitikken. 

Ny søknad

Alle som har bevilling må derfor søke om ny bevilling dersom de ønsker å fortsette verksemda. Den enkelte bevillingshavar har sjølv ansvar for å søke i tide. Bevillingshavarar med bevilling for fleire utsals-/skjenkestader må søke om ny bevilling for kvar utsals-/skjenkestad. Dersom det ikkje vert sendt ny søknad, vil ein stå utan bevilling etter 30.09.2024.

Søknadsfrist 1. juni 2024

Sakshandsaminga i ein slik fornyingsprosess for alle bevillingshavarar i kommunen er omfattande og kan ta lang tid. Kommunen må mellom anna innhente uttale om vandel frå politi og skatteetaten. Dersom ny søknad ikkje har kome inn til kommunen innan 1. juni 2024, kan vi ikkje garantere at ny bevilling vil ligge føre innan den gamle bevillinga går ut. Ein risikerer då å kunne stå utan bevilling for ein periode. 


Søknadsskjema

Søkar skal bruke søknadsskjema som de finn på Ålesund kommune sine nettsider;
Salsbevilling
Skjenkebevilling

Vedlegg til søknaden

Følgande vedlegg skal følge søknaden: 

  • Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månader. 
  • Dokumentasjon av eigarforhold i verksemda, evt. ved utskrift av aksjebok. 
  • Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre et leigeforhold til lokala/arealet der det vert søkt om bevilling, innandørs og utandørs, og evt. utløpsdato for denne. 
  • Planteikning i A4-format med opplysning om sals- og skjenkeareal i m2.
    • For butikkar – som også viser plassering av alkoholhaldig drikk. 
    • For skjenkestader – også opplysning om tal på gjesteplassar. Serveringsareal skal vere skravert og bord og sitteplassar teikna inn. Ved uteservering skal også teikning over plassering av uteareal leggast ved.
  • Dokumentasjon for bestått kunnskapsprøve for styrar og styrarvikar (alkohollov).
  • Dokumentasjon på tilsetjingsforhold for styrar og styrarvikar. 


Ta kontakt med kommunen om de har spørsmål til fornyingsprosessen.
Sakshandsamar

 Øyvind Skjelten