Skjenkebevilling

For stader som har serveringsbevilling frå før, og i tillegg ønskjer å servere alkohol.

Når treng du skjenkebevilling?

Har du serveringsbevilling frå før og i tillegg ønskjer å skjenke alkohol, må du søkja om skjenkebevilling.

Har du ikkje serveringsbevilling frå før, må du søkja om både serveringsbevilling og skjenkebevilling samtidig. 

Ein skjenkestad må som hovudregel ha serveringsbevilling for å kunne utøve ei skjenkebevilling. Dette betyr imidlertid ikkje at søkjaren må ha serveringsbevilling for å få handsama ein søknad om skjenkebevilling, men skjenkebevillinga kan ikkje takast i bruk før serveringsbevillinga er på plass.

Korleis få skjenkebevilling?

  • Skjenkebevillinga blir gitt til selskapet som skal drive staden.
  • Styrar og vikar må ha bestått kunnskapsprøva for å kunne søkja om skjenkebevilling.
  • Det er krav om uklanderleg vandel i høve til alkohollova.
  • Styrar og vikar må vere tilsett på staden, eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
  • Styrar og vikar må vere over 20 år.

Korleis søkja om skjenkebevilling?

Klikk på lenka lengre ned på denne sida. Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.

Du må oppgi om du skal starte ein ny stad som ikkje har bevilling, eller om du skal overta og drive ein eksisterande stad.

Vedlegg som må følgje søknad om skjenkebevilling

  • Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månader.
  • Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, eventuell erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.
  • Dokumentasjon av eigarforhold. For aksjeselskap med revisorattestert utskrift frå selskapet si aksjonærregisterbok.
  • Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala der det blir søkt om bevilling og eventuell utløpsdato for denne.
  • Kopi av avtale som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til utearealet der det blir søkt om løyve og eventuell utløpsdato for avtalen.
  • For båtar/skip – kopi av godkjenning frå skipskontrollen, passasjersertifikat og sikkerheitssertifikat.
  • Midlertidig bruksløyve/ferdigattest frå Virksomhet for plan og bygning som dokumenterer at staden er godkjent til den bruken det blir søkt om.
  • Stadfesting på at verksemda er registrert hos Mattilsynet i høve forskrift 22.12.2008 nr. 1623 om næringsmiddelhygiene § 18.
  • Persontalberekning for lokalet, jf. byggteknisk forskrift (TEK17) (sjå rettleiing her: https://dibk.no/no/byggeregler/tek/3/11/innledning/).
  • Planteikning i A4-format. Serveringsareal skal vere skravert og bord og sitteplasser innteikna. Ved uteservering skal også teikning over plassering av uteareal leggast ved.
  • Nærare forklaring av driftskonseptet (opningstid, målgruppe, m.m.)
  • Dokumentasjon for bestått kunnskapsprøve i alkohollova for styrar og vikar.

Kommuna kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon, som til dømes budsjett og finansieringsplan.

Søk om skjenkebevilling her.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil fire månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Vi innhentar uttalar frå politiet, sosialtenesta og skatteetaten. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden, eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Endring av eksisterande løyve?

Dersom du har ei bevilling og vil gjere endringar i drifta, må du snarast søkja kommuna om dette. Du kan ikkje endre drifta før kommuna har gjort vedtak om endring. Sjå meir informasjon på eiga side. 

Lover og forskrifter

Alkohollova

Serveringslova

Alkoholforskrifta

Ansvarleg for tenesta