Fakta om Ålesund

1. januar 2020 vart dei tidlegare kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy slått saman til Ålesund kommune. 1. januar 2024 forlot Haram kommunen, og vart igjen ein eigen kommune.

Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim. 

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Vi har òg Noregs største fiskerihamn, Noregs tredje største containarhamn og er landets fjerde største eksporthamn.   

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.  

Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.

Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. 

Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.  

Geografi

Ålesund kommune ligg i Møre og Romsdal fylke.

Det totale arealet til kommunen er på 1.458 km2, kor 1.087 km2 er havareal og 371 km2 er landareal.

Av landarealet er 353 km2 fast land/øyer og 18 km2 er innsjøar.

Sjå kart over Ålesund (ISY Map).

Kommunedelar og befolkning

Ålesund har 58 613 innbyggere (per 01.04.2024).

Folketal i Ålesund kommune per kommunedel 2024
Kommunedel Innbyggere
Ellingsøy 2 851
Hessa, Skarbøvik og Aspøy 9 659
Indre Borgund 10 329
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane 13 744
Sandøy 1 122
Skodje 4 963
Spjelkavik, Åse og Lerstad 13 657
Ørskog 2 288
Sum 58 613

Politisk leiing

Ålesund sin ordførar er  Håkon Lykkebø Strand (FrP) og varaordfører er Monica Molvær (H.

Sjå korleis Ålesund kommune blir styrt politisk.

Administrasjon av kommunen

Sjå årsmeldingar frå Ålesund kommune.

Meir informasjon