Fakta om Ålesund

Fakta om Ålesund

1. januar 2020 vart dei tidlegare kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy slått saman til Ålesund kommune. Her finn du fakta om Ålesund kommune.

Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim. 

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Vi har òg Noregs største fiskerihamn, Noregs tredje største containarhamn og er landets fjerde største eksporthamn.   

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.  

Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.

Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr, Ulla fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. 

Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.  

Geografi

Ålesund kommune ligg i Møre og Romsdal fylke.

Det totale arealet til kommunen er på 2.522 km2, kor ca. 1.889 km2 er havareal og ca. 632 km2 er landsareal.

Av landsarealet er 607 km2 fast land og 25 km2 innsjøar og elvar.

Sjå kart over Ålesund (GeoInnsyn).

Kommunedelar og befolkning

Ålesund har 67 447 innbyggere (per 31.12.2022).

Folketal i Ålesund kommune per kommunedel

Folketal i Ålesund kommune per kommunedel
Kommunedel Antall
Brattvåg, Hildre og Søvik 4 877
Ellingsøy 2 811
Hessa, Skarbøvik og Aspøy 9 661
Indre Borgund 10 172
Nordøyane 1 363
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane 13 584
Sandøy og Fjørtoft 1 226
Skodje 4 866
Spjelkavik, Åse og Lerstad 13 561
Vatne og Tennfjord 3 063
Ørskog 2 263
Totalsum 67 447

Politisk leiing

Ålesund sin ordførar er  Eva Vinje Aurdal (AP) og varaordfører er Vebjørn Krogsæter (SP).

Sjå korleis Ålesund kommune blir styrt politisk.

Meir informasjon

Til toppen