Grafisk profil

Kommunen skal vere ein tydeleg og einskapleg avsendar i kommunikasjonen sin. Vår felles grafiske profil skal styrke Ålesund kommune som éin aktør. Innbyggarane skal ikkje vere i tvil om at det er kommunen som står bak ei teneste, eit tilbod eller ei oppleving. 

Ansvarleg for tenesta

 

Ålesund kommunestyre vedtok ny grafisk profil i juni 2022.  I tillegg til eit nytt konsept er det óg vedtatt ein digital variant av kommunevåpenet. 

Den digitale varianten av kommunevåpenet vart utvikla av ElleMelle AS på bestilling frå Ålesund kommune i 2020. Oppdraget gjekk ut på å utvikle ein digital variant av kommunevåpenet som eignar seg betre til digitale løysingar.  Alle variantar av logoar finn du i vår bildebank. 

Sjå grafisk profil og last ned kommunevåpen 

Historikken bak Ålesund sitt kommunevåpen

Kommunevåpenet til Ålesund kommune symboliserer fiske og sjøfart, og er særprega med sine tre tårn i murkrona på toppen.

Kommunevåpenet blei brukt som byvåpen for gamle Ålesund kommune. Det blei først godkjent ved kongeleg resolusjon 1. april 1898. Dette blei vedtatt som nytt kommunevåpen for Ålesund frå 2020, etter samanslåinga av kommunane Haram, Skodje, Sjøholt, Sandøy og Ålesund. Vedtaket blei gjort på det konstituerande møtet til det nye kommunestyret, 24. oktober 2019.  

Sunnmørsk motiv

Motivet symboliserer fiske og sjøfart, og er slik eit tidlaust og kulturhistorisk symbol for historia til regionen. Kommunevåpenet er teikna av Andreas Bloch (1860-1917) og viser ein typisk sunnmørsbåt frå 1700-talet, ein "fjæringfar" - ein båt med fire par årar. 

Motivet er ei stilisering av ei teikning frå skriftene til presten Hans Strøm. Mellom anna plasserte Andreas Bloch tre torskar i bølgjene. Dette hadde ei klar historisk forankring: I Ålesund vart nemleg ein einsleg torsk lenge brukt som kjennemerke på politiskilta i byen. Politiskilta med torsken fungerte som ein slags forløpar til byvåpenet.

Eit anna særpreg ved Ålesund sitt byvåpen er murkrona på toppen. Denne har tre tårn, i pakt med den europeiske tradisjonen på den tida, med at hovudstaden skulle ha krone med fem tårn, bispebyer fire og andre byar tre.

Dette byvåpenet er det eldste som vart godkjend ved kongeleg resolusjon som kommunevåpen i Noreg, til byen sin 50 års-jubileum i 1898.

Ansvarleg for tenesta