Behandlinga er basert på kognitiv terapi. Kognitiv terapi/metode krev at du sjølv deltar aktivt, blant anna gjennom heimeoppgåver og øvingar. Det er viktig at du er motivert for å kunne nytte dette tilbodet.
Her kan du få kognitiv behandling utan lang ventetid, slik at problema ikkje utviklar seg. Målet med behandlinga er at du skal oppleve at du meistrar kvardagen, får det betre og får færre symptom.
Kva for behandlingstilbod hos oss som vil passe best, vurderer vi saman med deg.
Rask psykisk helsehjelp er gratis, og du treng ikkje tilvisning frå lege. Tilbodet er for personar som er busette i Ålesund kommune.
Rask psykisk helsehjelp passer ikkje dersom du:
- Har behov for akutt helsehjelp
- Har alvorlege eller samansette psykiske vanskar
- Står i ei akutt livskrise, eller har behov for langvarig behandling
- Mottek eller er tilvist til annan psykisk helsehjelp, som til dømes psykiatrisk poliklinikk.
- Mottek kommunale tenester knytt til psykisk helse.
Til studentar: Dersom du er student i Ålesund, ber vi om at du først undersøker om det kan vere aktuelt for deg å nytte deg av av Studentsamskipnaden i Ålesund sine tenester, knytt til psykisk helse.
Akutt hjelp
Dersom du har behov for akutt hjelp, passar ikkje "Rask psykisk helsehjelp for deg. Om du har behov for akutt hjelp, ta kontakt med legevakta på telefon 116 117 eller fastlegen din på dagtid for akutt-time.
Ulike behandlingstilbod
I starten av all terapi er det viktig å sette fokus på korleis det kan vere å stå i ein situasjon der ein opplever å være nedstemd, angst, bekymringar, stress eller søvnvanskar. Ofte er det slik at søvn, angst og det å være nedstemd heng nært saman, og det er difor viktig å lære litt om alle disse delane, saman med teknikkar for å endre lite hensiktsmessige mønster knytt til dette.
Introkurset er undervisningsbasert og tek utgangspunkt i kognitiv terapi. Vi tenker at å ikkje alltid ha det bra er normalt og ein del av livet, men når plagene har begynt å gå utover livskvalitet og daglig fungering, kan det være lurt å gjere nokre justeringar. Kunnskapen du får her vil difor være attkjenneleg for mange, då det handlar om korleis vi fungerar psykisk alle saman. Teknikkane du lærer vil også kunne ha ei førebyggande effekt, slik at du seinare i livet kan stoppe ei uheldig utvikling på eit tidligare tidspunkt.
Introkurset blir tilbydd som eit sjølvstendig kurs eller som ein del av behandling.
Praktisk informasjon
Introkurset går over fire veker og består av ei samling pr. veke. Det blir leia av to terapeutar. Vi har plass til opptil 12 deltakarar på kvart kurs. Kursmateriell vil bli utdelt første kursdag.
Søvngruppe kan passe for personar som har vanskar med å få sove, vaknar for tidleg, eller har mange oppvakningar i løpet av natta.
Alle som melder si interesse vil bli oppringt for ein samtale om sine søvnproblem, og få meir informasjon om behandlinga.
Praktisk informasjon
Gruppa går over 8 veker og består av ei samling kvar veke. Gruppa blir leia av to terapeuter. Vi har plass til 8 – 12 deltakarar på kvar gruppe. Kursmateriell vil bli utdelt første kursdag.
Kven er kurset for?
Kurset er for personar som ønskjer å betre evna til å handtere belastning. Kva som blir opplevd som belastning er individuelt og kan endrast over tid. Belastningar kan oppstå på ulike arenaer, og kan knyttast til ulike livssituasjonar.
Kva går kurset ut på?
Dette kurset er basert på forståinga av samanhengen mellom belastning, stress og meistring. På kurset blir det jobba med det med å kartlegge eigne belastningar, og eigen meistring- og tankestil. For å få best mogleg utbytte av kurset, er det lagt opp til stor grad av eigenaktivitet. Dette dreier seg om øving i metodar og teknikkar på kursdagane saman med heimeoppgåver.
Målet med kurset
På kurset lærer du metodar og teknikkar for å betre eiga meistringsevne. Målet er å meistre belastninga på ein slik måte at den kan opplevast som kontrollerbar eller handterleg.
Metode
Kurset er basert på kognitiv terapi, og kunnskap om stress, belastning og meistring er sentral del av innhaldet i kurset.
Praktisk informasjon
Kurset går over 5 veke og består av ei samling på to timar kvar veke. Gruppa blir leia av to terapeutar. Vi har plass til 8 deltakarar på kvart kurs. Kursmateriellet er internettbasert, og det blir gjeve ut ei individuell kode til kvar enkelt før første samling. Deltaking krev noko datakunnskap, og tilgang til nettbrett eller datamaskin.
Veileda sjølvhjelp/Veileda internettbehandling
Veileda sjølvhjelp er eit tilbod der du og din terapeut blir samde om eit sjølvhjelpsprogram som gjev auke i kunnskap og teknikkar for å handtere ulike psykiske utfordringar. Metoda er fleksibel ved at du kan jobbe med programmet på eiga hand når det passar, kombinert med vekentleg telefonveiledning fra din terapeut med fokus på modulen du har jobba med sidan sist. Det blir tilbudt ulike program for eit breidt spekter av ulike psykiske vanskar.
Endringsfokuserte samtaler/Samtalebehandling
Kognitiv terapi i form av samtalar handler i stor grad om å få hjelp til å sortere, bli medviten og lære teknikkar for å handtere tankar og følelsar på ein meir hensiktsmessig måte. I samtalane vil du saman med ein terapeut få veiledning knytt til dette, saman med konkrete heimeoppgåver for å teste ut teknikkane i dine omgjevnadar. I gjennomsnitt har vi 6 – 8 samtalar, og vurderer effekt og nytte undervegs. Ofte kombinerast individuelle samtalar med andre tilbod som kurs eller veileda sjølvhjelp.
Kven er vi?
Vi er eit tverrfagleg team som er sett saman av psykolog, psykiatriske sjukepleiarar og sosionomar. Alle er vidareutdanna, eller er under utdanning innan kognitiv terapi. Vi samarbeidar med andre instansar dersom dette er hensiktsmessig, f.eks. fastlege. Dette skjer i samråd med deg. Vi har teieplikt slik som anna helsepersonell.
Slik søker du rask psykisk helsehjelp
Om du tenker at du er i målgruppe og ønskjer eit tilbod frå oss, tek du kontakt med oss ved å sende oss eit kontaktskjema:
Kontaktskjema
Du vil då bli oppringt i løpet av ei til to veker, for ein samtale for å finne ut om vi er rette tilbodet for deg.
For samarbeidspartnarar
Om du er samarbeidspartar (fastlege, helsesjukepleiar og liknande) og vil vite meir om Rask psykisk helsehjelp, kan du sende inn eit Samarbeidpartnerskjema.
Kvar finn du oss?
Våre lokale er i Fjelltunvegen 1 på Klipra.
Merk: Det kan vere stengt på grunn av redusert bemanning i kortare periodar, eller på grunn av stor etterspørsel. Når vi er tilgjengelege ønskjer vi å gi rask hjelp, og unngå venteliste.