Psykisk helse døgnbemanna bustaderHar du eller nokon du er pårørande til, behov for døgnbemanna bustad i høve psykisk sjukdom?Psykisk helse og rus Ålesund har fleire døgnbemanna bustadar der bebuarane kan leige leilegheiter gjennom Ålesund kommunale eigedom. Hovudfokuset med dei bemanna bustadane er å gjere personane meir sjølvstendig i kvardagen, noko som blant anna inkludera:Innføring av rutineMedikamentell tilretteleggingAnsvarsgruppemøterLære det grunnleggjande innan til dømes matlaging, reingjering, hygiene og liknandeIgangsetjing av fysisk aktivitetSamarbeid med spesialisthelsetenesta som ACT-team, miljøterapeutisk team, DPS døgn, psykiatriske poliklinikkar, psykologar også vidare.Ein kan også få hjelp til det ein måtte trengje elles i kvardagen. Psykisk helse og rus har døgnbemanna bustadar i ulike delar av kommunen.For å søke på døgnbemanna bustad treng du ein uttale frå lege. Vi som helsepersonell kan vere til hjelp med å svare på spørsmål kring tenesta og/eller søknaden. Søk om døgnbemanna bustadar Ansvarleg for tenesta Psykisk helse og rus Psykisk helse og rusPsykisk helse og rus Sist endra 22.03.2023 10.42