Aktivitetar og sosialt samværOversikt over tilbod og aktivitetar som kan hjelpe personar som slit med utfordringar kring psykisk helse og/eller som er avhengig av rus. Sommerfuglen aktivitet, Skodje Sommerfuglen aktivitet ligg på Skodje. Her kan alle som har lyst, komma innom for ein kopp kaffi, ein prat eller anna sosialt samspel.Du kan gjerne ta med deg handarbeid, eller bli med på noko av det vi i fellesskap kjem til å finne på. Praten sit løyst og takhøgda er stor – her er det rom for absolutt alle.Å vere med på Sommerfuglen aktivitet er sjølvsagt heilt frivillig. Du kan kome innom når du vil i opningstida, og gå når du måtte føle for det.Vi held ope måndag - fredag frå kl. 09.30 - 15.30, samt onsdag kl. 17.00 - 20.30.KontaktTelefon: 48 29 18 58Besøksadresse: Skodjevegen 374, 6260 SkodjeSosiale media: Sommerfuglen aktivitet på Facebook Skansen aktivitet, Ålesund Skansen aktivitet er eit dagtilbod for deg med psykiske vanskar. Her kan du delta på meiningsfylte aktivitetar, oppleve meistring og vere delaktig i drifta og planlegginga. Er du til dømes glad i å gå tur? Lage mat? Handarbeid? Spele fotball, TV- eller brettspel, eller å skravle over ein kaffekopp? Her er det stor takhøgde og lett å stikke innom; du treng ikkje tilvising frå lege eller andre for å kome hit. Det kan vera lurt å gjere ein avtale før du tek turen fyrste gongen. Det gjer du enkelt ved å ta kontakt med oss på Facebook, sende ein e-post eller ved å ringe. Velkomen skal du vere! Opningstider: Kvar ukedag mellom kl. 09.30 – 15.30 Adresse: Sorenskriver Bullsgate 17, 6002 Ålesund Kontakt Telefon: 70 16 22 95 E-post: skansen.aktivitet@alesund.kommune.no Sosiale media: Skansen aktivitet på Facebook Ankerhuset Ettervern - dag/kveld På Ankerhuset er det tilbod dag/kveld for dei utan døgnplass. Les meir om Ankerhuset. Ansvarleg for tenesta Psykisk helse og rus Sist endra 28.05.2024 13.33