Døgnbemanna bustadar til ROP-pasientar

Har du, eller nokon du er pårørande til behov for døgnbemanna bustad i høve psykisk sjukdom?

Nokre ROP-pasientar (rus- og psykiske helseutfordringar samtidig) treng bustad med fast personell. Hovudfokuset i slike bustader er å gjere personane meir sjølvstendig i kvardagen, noko som blant anna inkluderer:

  • Innføring av rutine
  • Medikamentell tilrettelegging
  • Koordineringsmøter
  • Lære det grunnleggjande innan til dømes matlaging, reingjering, hygiene og liknande
  • Igangsetting av fysisk aktivitet
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta som ACT-team, miljøterapeutisk team, DPS døgn, psykiatriske poliklinikkar, psykologar og liknande.

Ein kan òg få hjelp til det ein måtte trenge elles i kvardagen.  

Slik søker du 

Søk om tilrettelagt bustad

Ansvarleg for tenesta