Øyeblikkelig hjelp døgnopphold (ØHD)

Øyeblikkeleg hjelp døgntilbod (ØHD) er for pasientar som treng innlegging for behandling, observasjon og pleie, og som kan behandlast av allmennhelsetenesta.

Kven kan få tilbodet?

Øyeblikkeleg hjelp døgnavdeling (ØHD) erstattar sjukehusinnlegging for pasientar som kan få eit like godt tilbod på ØHD som på sjukehuset.

ØHD er eit tilbod til pasientar over 18 år, med forventa korttidsbehandling ved akutte tilstandar som normalt ville blitt behandla av sjukehuset. Diagnosar og problemstillingar må vere ferdig utreda, eller avklart før innlegging.

Korleis får du innlegging på ØHD?

For å få plass må pasienten vere vurdert av lege (fastlege, legevaktslege eller sjukehuslege).

Kva får du?

  • Avdelinga har akuttmedisinsk utstyr og kan utføre laboratorieundersøkelser.
  • ØHD er døgnkontinuerleg bemanna med sjukepleiarar og har tilgjengeleg lege heile døgnet. 
  • Verksemda har eit nært samarbeid med Ålesund sjukehus.

Adresse

Ålesund lokalmedisinske senter er interkommunalt for kommunane Fjord, Giske, Haram, Sula og Ålesund.

Besøksadresse: Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Telefon:  70 16 39 50

Ansvarleg for tenesta