Forløpskoordinator kreft

Har du ei kreftdiagnose kan du få hjelp til å koordinere mellom spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene.

​​Kven kan forløpskoordinator kreft være til hjelp for?

  • Alle med kreftdiagnose inkludert i “Pakkeforløp heim for pasientar med kreft”.

  • Brukar med kreftdiagnose som har behov for oppfølging og koordinering i kommuna

  • Brukar med kreftdiagnose som har behov for psykososial samtale med ein kreftsjukepleiar/kreftkoordinator, og/eller oppfølging i forhold til rehabilitering og seinskade

  • Brukar med kreftdiagnose som er i ein overgangsfase der dei endelege tenestene ikkje er avklart og /eller der personen mest truleg vil ha behov for tenester seinare.

Forløpskoordinator kreft er inne som tenesteytar i ein tidsavgrensa periode. Om brukar med kreftdiagnose får teneste frå kommuna eller koordinator, følgjer denne opp.

Kva gjer ein forløpskoordinator kreft?

Typiske arbeidsoppgåver for forløpskoordinator kreft kan være:

  • Ta imot «henvisning» og «forespørsel» frå fastlege og kommune- og spesialisthelsetenesta der brukar med kreftdiagnose har behov for oppfølging og koordinering i kommuna
  • Ta imot alle tilvisingar og sørge for oppfølging av “Pakkeforløp heim for pasientar med kreft”
  • Kartlegging av behov gjennom heimebesøk, møter og telefonsamtalar med brukar/pårørande og aktuelle tenester
  • Ha oversikt over og kunne kople på aktuelle tenester/samarbeidspartnarar til dømes kreftsjukepleiar/kreftkoordinator
  • Vere kontaktperson for brukar/pårørande og aktuelle tenester/samarbeidspartnarar
  • Initiere/kalle inn til og delta på møter i samarbeid og samråd med brukar/pårørande og samarbeidspartnarar
  • Bistand i samansette og omfattande saker
  • Bistand med informasjonsflyt mellom ulike tenester, og jobbe for samhandling mellom tenestene, brukar og pårørande.

Korleis kome i kontakt med forløpskoordinator kreft?

Slik kan du melde behov for forløpskoordinator

Den som har behov for forløpskoordinator kreft, eller du som pårørande/hjelpeapparat kan ta kontakt. 

Marianne Sneis

Kommune- og spesialisthelsetenesta og fastlegar kan og sende henvising og forespørsel via e-melding til saksbehandlarteneste.

Det er ikkje nødvendig å søkja, men du kan ta kontakt ved å fylle ut søknadsskjemaet vårt og sende det i posten.

Meld inn behov for forløpskoordinator kreft (PDF, 368 kB)

Kommunale ressursar

Ansvarleg for tenesta