Bustad med personell heile døgnetHeildøgnstenesta er for deg som har behov for bustad med tilgjengeleg personale gjennom heile døgnet. Kven kan få bustad med personell heile døgnet? Tilbodet er for deg som har psykisk liding rusproblem fysisk funksjonssvikt psykisk utviklingshemming er blitt gammal og har særlege hjelpebehov Kva kan du få? Leilegheiter tilrettelagt for personar med særskilte behov er i hovudsak toroms. Nokre av bustadane er prioritert spesielle grupper og bustadane er spreidde geografisk i kommunen. Det kan ikkje søkast særskilt på ei av bustadsadressene, sidan tildelinga vil vere avhengig av kva som er ledig og kva som passar søkaren sine behov. Det er knytt fast personell til bustadane, men den enkelte får vedtak på sine praktiske og personlege behov for bistand. Slik søker du Bustadane blir tildelte etter ei samla vurdering av søkaren sitt hjelpebehov. Det er difor viktig med god dokumentasjon frå lege, behandlingskontakt eller kommunale tenesteytarar. Sjå rettigheiter til helsetenester Søk om bemanna bustad (PDF, 124 kB) Søk om heimetenester Søknadar blir behandla fortløpande etter kvart som det er ledige bustadar. Det er tildelingskontoret i Ålesund kommune som tildeler bustadane. Prisar Sjå prisane for bukollektiv og plassar med personell heile døgnet. Ansvarleg for tenesta Koordinering og tildeling Sist endra 09.12.2022 10.58