Søk ordinær kommunal bustad

Du kan søkja om å leige ein kommunal bustad om du ikkje meistrar å skaffe deg ein eigna bustad sjølv. 

Kort fortalt

  • Kommunal bustad er eit mellombels tilbod.
  • Bustadene vert tildelt for tre år av gongen. Du kan søkja om å leige lenger dersom du fortsatt har behov for bustaden.
  • Du kan søkja om bustønad frå Husbanken for å dekke delar av husleiga.

Treng du spesiell tilpassing på grunn av alder, funksjonsnedsetting eller andre årsakar, kan du søkja om tilrettelagd bustad.

Slik søkjar du kommunal bustad

Her kan du søkja om kommunal bustad

Skal du bu saman med nokon?

Her kan du registrére økonomiopplysningar på eventuell medleigetakar

Det er viktig at du lastar opp desse vedlegga til søknaden:

  • Siste skattemelding
  • Siste månadlege inntektsgrunnlag (f.eks. lønnsseddel, NAV-utskrift, osv)
  • Helsedokumentasjon om du søkjar på grunnlag av helse.

Søknaden er gyldig i 3 månadar frå du får bekrefting på at den er registrert.

Dersom du treng manuell søknad: Manuell søknad (PDF, 367 kB)

Seie opp kommunal bustad

Du må gi skriftleg beskjed om du vil avslutte leigeforholdet. Her kan du seie opp den kommunale bustaden din