Barnekoordinator

Kan bistå familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne. Barnekoordinatoren skal blant anna koordinere helse- og omsorgstenestane til barnet og familien. Barnekoordinatoren skal følgje opp og se til at kommuna varetek sitt ansvar for oppfølging og tilrettelegging.

Kven har rett til barnekoordinator?

Barn under 18 år med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne og som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenestar og andre velferdstenestar.

Kva gjer ein barnekoordinator?

Ein barnekoordinator kan hjelpe familien med å: 

  • ha oversikt over og koordinere dei tenestene de og barnet har kontakt med. 
  • gi dere informasjon og rettleiing om relevante helse- og omsorgstenester, slik at de enklare får oversikt over rettar og pliktar. 
  • gi informasjon om nødvendige velferdstenestar og frivillige brukarorganisasjonar. 
  • få tydeleg fram stemma til barnet slik at barnet sjølv fritt får formidle kva som blir opplevd som god og nyttig hjelp. 
  • sjå til at det er framdrift i arbeidet med individuell plan, dersom barnet har det.  
  • styrke det tverrfaglege samarbeidet ved mellom anna å delta i koordineringsmøte. 
  • gi rettleiing slik at dere kan medverke til avgjerder knytt til saka til barnet.

Korleis få tilbodet?

Foreldre/føresette kan søkja om barnekoordinator. Barnekoordinator kan innvilgast før fødsel. 

Søknadsskjema

Søk om helse- og omsorgstenester

Kva skjer vidare?

Når tildelinga er klar, vil barnekoordinator kontakte deg og du må fylle ut ei samtykkeerklæring. Koordineringa skal skje i samarbeid med føresette og barnet, og tenesteapparatet skal leggje til rette for dette.

Korleis klagar eg om eg får avslag?

Dersom du meiner du har rett til ein barnekoordinator og ikkje har fått det, kan du klaga til Statsforvaltaren. Vis til pasient- og brukarrettigheitslova § 7-2 Klage. 

Lovgrunnlag

Aktuelle veiledere og stortingsmeldinger 

Ansvarleg for tenesta