Avlasting barn og unge

Eit tilbod til barn/ungdom med funksjonsnedsetting og deira familie.  

Kva tilbyr vi?  

Vi har tilbud om timeavlastning, avlastning med overnatting og barnebolig. 

Avlastingsbustaden og barnebustaden har heildøgns bemanning. Vår målsetting er å skape ein heim for brukarane.  

Bustadene har ei engasjert personalgruppe som består av ulike profesjonar. Desse jobbar tett saman for å kunne gi brukarane ein best mogleg kvardag.   

Arbeidet føreset samarbeid med andre instansar, pårørande/verje, skule, dagtilbod og SFO-ordningar.  

Vi ønskjer å bidra til eit heilskapleg tenestetilbod som er tilpassa brukaren og familien sitt ønske. Det er eit avlastingstilbod for føresette. Vi bidreg til at den enkelte får moglegheit til å ha ein trygg og god kvardag, der fokuset er omsorg, miljøarbeid, oppfølging og ein aktiv og meiningsfylt kvardag.   

Kven kan få tilbodet?  

Tilbodet er retta mot barn/ungdom med funksjonsnedsetting.

Korleis få tilbodet?  

Ta kontakt med tildelingskontoret. Dei vil i samråd med dykk og avlastinga finne eit tilbod som er til det beste for dykk. 

Ansvarleg for tenesta