Kva tilbyr vi?
Vi har tilbod om alt frå dagtilbod til overnatting og permanent bustad.
Avlastingsbustaden og barnebustaden har heildøgns bemanning. Vår overordna målsetting er å skape ein heim for brukarane.
Bustadene har ei dedikert personalgruppe som består av ulike profesjonar som til dømes vernepleiarar, barnevernspedagogar, førskulelærarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Desse jobbar tett saman for å kunne gi brukarane ein best mogleg kvardag.
Arbeidet føreset eit omfattande samarbeid med andre instansar i første og andrelinetenesta, pårørande/hjelpeverje, skule, dagtilbod og SFO-ordningar.
Vi ønsker å bidra til eit heilskapleg tenestetilbod som er tilpassa brukaren og familien sitt ønske. Det er eit avlastingstilbod for foreldre. Vi bidreg til at den enkelte får ei moglegheit til å ha ein trygg og god kvardag der fokuset er på omsorg, tilrettelagt miljøarbeid, oppfølging i kvardagen og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære.
Kven kan få tilbodet?
Tilbodet er retta mot barn/ungdom med funksjonsnedsettingar.
Korleis få tilbodet?
Ta kontakt med tildelingskontoret, her vil dei i samråd med dykk og avlastinga finne eit tilbod som er til det beste for dykk.