Tryggare drikkevatn for Skodje og Ørskog

Vassbehandlingsanlegga på Storsætra og Nysætra skal oppgraderast i vinter. Dermed får innbyggarane sikrare forsyning av reint vatn. 

vassbehandlingsanlegg, hus sett utanfrå - Klikk for stort bileteStorsætra

Begge anlegga skal få forsterka vassbehandling med nye UV-aggregat. I tillegg blir det nye kloranlegg for nødklor som skal brukast dersom den vanlege vassbehandlinga sviktar. Det blir også nytt aggregat for nødstraum som sikrar at anlegget er i drift sjølv om straumen går. 

Camilla Waagbø Nilsen, avdelingsleiar for vatn seier at med desse tinga på plass vil vassbehandlinga på Storsætra og Nysætra innfri krava i drikkevassforskrifta. 

-    Oppgraderinga gir oss vassbehandling i tråd med lovverket, men minst like viktig er det at dei nye anlegga vil gi folk meir stabil og sikker forsyning av reint drikkevatn. 
 

Nysætra først
 

Nysætra som forsyner om lag halve gamle Ørskog kommune med drikkevatn, skal byggast om først. Etter planen skal arbeidet starte i begynnelsen av november. 

I anleggsperioden vil dei fleste abonnentane få vatn frå Ørskog private vassverk og vil dermed merke lite til arbeidet. 

Abonnentar på Ørskogfjellet, hytter og Fjellstova får tilråding om å koke vatnet, og vil få sms med meir informasjon.

Storsætra kjem rett etter

Vassbehandlingsanlegget på Storsætra forsyner heile gamle Skodje kommune med vatn. Kva tid oppgraderinga av dette anlegget startar heng saman med kor lang tid ein bruker på Nysætra, men arbeidet skal skje i vinter.


I anleggsfasen for Storsætra må ein behandle vatnet kun med klor. 

-    Då vil abonnentane kunne merke endra lukt og smak av vatnet, men vatnet skal vere trygt å drikke. 
 

Det vil bli gitt nærare informasjon om Storsætra til det dei gjeld når det nærmar seg.