Trebenkar får nytt liv - Kommunen arrangerer auksjon

Gløgg, peparkaker og gode formål, no skal det setjast punktum for trebenkane. 

Folkegruppe som sitter på benker - Klikk for stort bileteUtprøvinga av sitteløysingar i byromma har vore god læring Mateo Christensen

Byromsprosjektet er kjent for mange, kanskje først og fremst gjennom trebenkane som har vore ute i byromma det siste halvåret. Det har også vore fleire andre installasjonar og utprøvingar, som tekstane i korsatunellen og dei grøne vekstane i glasrommet.  

Bruken av tre som materiale til benkane var eit resultat av fleire omsyn, både til økonomi, berekraft og til gjenbruk. No skal benkane ikkje vere benkar lengre, men bli noko nytt hjå nye eigarar.

– Eg og Jørgen snakka heilt frå starten av om at vi ønskte å jobbe med materiale som ikkje gjekk til spille etter at prosjektet var ferdig. Vi er begge svært glade for at kommunen tok det ansvaret og så verdien av at materiala lev vidare i nye spennande prosjekt, fortel kunstnar Simon Wågsholm, ein av dei to som jobba med trebenkane i prosjektet. Arkitekt Jørgen Stavseng var den andre.

Tilskodar eller bodgivar, alle er velkomne!

Onsdag 29. november inviterer Ålesund kommune til velgjerdsauksjon i Korsatunellen, med enkel servering og julemusikk. Sjølve auksjonen, med Eva Vinje Aurdal som auksjonarius, startar klokka 15:30, men det er råd å få seg både gløgg og peparkaker allereie frå klokka 15:15.  

Kommunen har valt både mottakarar av trevirket, og av pengane som auksjonen bringer inn. Vala er ikkje tilfeldige, men heng tett saman med byromsprosjektet og det ein ønsker å oppnå. Lokale tiltak, retta mot ungdom, eldre og andre med særskilde behov for møteplassar og inkludering i samfunnet.

Kommunen har fått god respons, både frå velforeiningar som gjerne ville ha materiale, og frå næringsliv som gjerne ville by i auksjonen. Det er også råd for enkeltpersonar å kome med bod, eller å stille som tilskodar.

Dei velgjerande formåla som vil få pengar frå auksjonen er:

  • Røde Kors – Fellesverket Møre og Romsdal (Aktivitetshus for ungdom, med gratis aktivitetstilbud for alle mellom 13 og 25 år).
  • Nasjonalforeningen for folkehelsen – Ålesund og omegn demensforening.
  • Blindeforbundet – Møre og Romsdal fylkeslag.

Det vil også vere råd å gi til formåla via vipps/kontonummer på auksjonen, uansett om du ikkje deltek i budrundane.

Velforeiningane som får bjelkar og plankar er:

  • Aksla Vel
  • Spjelkavikas venner
  • Naturstienes venner, Harøy
  • Ved og Vel, Sjøholt
  • Suppebilen