Tinashe Williamson til Ålesund bibliotek

Ålesund bibliotek arrangerer ein temadag om skjellsord og antirasisme, med program både for ungdom og vaksne.

Dame ser mot kamera - Klikk for stort bileteTinashe Williamson


I ei spørjeundersøking av 1815 barn og unge leda av FNs UNICEF i 2022 i Noreg, svarer 37 prosent at dei har vorte utsette for rasisme på bakgrunn av korleis dei ser ut. 57% oppgir at dei vart utsette for rasisme på skulen, medan sosiale medium kjem på andre plass. Kristin Oudmayer som er direktør for Barns Rettigheter og Bærekraft i UNICEF Norge seier at dette er ei bekymrande utvikling.

Ålesund bibliotek vil bidra med kunnskap, haldningsendring og inspirasjon, og inviterer ungdomskuleelevar til ein verkstad om skjellsord inspirert av gatekunst, og til eit møte med forfattar av boka «Håndbok for unge antirasister» Tinashe Williamson. 

På kvelden inviterer vi til åpent føredrag for vaksne med Tinashe Williamson. Her kan du få høyre Williamson si personlege forteljing om kvifor det er så viktig at vi snakkar om rasisme og antirasisme, og korleis ein skal handtere at nokon blir diskriminert på grunn av hudfargen sin. Føredraget med Tinashe Williamson er torsdag 11. april kl. 18.00. 

Arrangementet vert gjennomført med støtte frå Sparebank 1 SMN.

Om Tinashe Williamson

Tinashe Williamson er forfattar, skodespelar, modell og foredragshaldar. Med sitt blikk på samfunnet har ho blitt ei viktig røyst om inkludering og mangfald. I 2021 gav ho ut boka Håndbok for unge antirasister, som vart ein stor suksess og som er seld til fleire land. Boka fungerer både som ei barne og ungdomsbok, og som ei lærebok for vaksne om korleis ein skal snakke med barna om eit vanskeleg tema som rasisme. 
Williamson har sjølv opplevd rasisme og mobbing i oppveksten, og snakkar om erfaringar og opplevingar frå eigen oppvekst når ho formidlar bodskapen sin. I møte med publikum får dykk høyre ei personleg forteljing om kvifor mangfald og representasjon er så viktig. I føredraget vil vi også få nokon verktøy til korleis vi kan jobbe med eigne haldningar, inkludering og bevisstgjering. Saman som samfunn kan vi rekkje opp handa og vere gode allierte i kampen mot rasisme!

Program for ungdomsskuleelevar:

Med verkstaden Skjellsord/Alliert ønskjer vi å gi ungdommar fridom og moglegheit til å reflektere rundt ord som dei opplever som skjellsord i kvardagen sin, og dei skal få uttrykke seg visuelt inspirert av gatekunst. Ungdommane får gjennom praktiske øvingar reflektere rundt kva dei meiner eit skjellsord er. Er det ordet i seg sjølv, er det måten det blir sagt på, eller kven som seier det som avgjer? Tinashe Williamson skriv om å vere allierte antirasistar. I verkstaden blir ungdommane oppmuntra til å finne ord eller slagord som uttrykker inkludering i staden for ekskludering, og lage måleri inspirert av gatekunst.

Verkstaden blir leia av kunstnar Elisabeth Hatlehol Sairosi som har kunstnarpraksis og atelier på Ålesund bibliotek. Etter verkstaden blir det pizza på elevane, før dagen blir avslutta med forfattarmøte med Williamson.