Styrk forholdet ditt til barnet ditt: Bli med i foreldregruppa!

Foreldrekurset skal hjelpe deltakarane til å bli trygge og reflekterte i sitt forhold til barna sine. Bli med og del både gleder og utfordringar i fellesskap.

Ein vaksen les bok for to små born. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde Majoma Media

I ein hektisk kvardag står vi som foreldre overfor både gleder og utfordringar. Det kan vere knapt med tid til å reflektere over rolla og betydninga vår for barna våre. Her blir du invitert til å delta i ei foreldregruppe, der vi saman kan dele erfaringar, diskutere gleder og møte utfordringar knytt til forholdet mellom barn og foreldre.

Målet med gruppa er at kvar enkelt forelder skal kjenne seg tryggare ved å bli meir klar over kva vi gjer som er positivt for barna våre. Opplegget er utarbeidd av ICDP-stiftinga (International Child Development Program), og vi tek utgangspunkt i heftet "Åtte tema for godt samspel" under våre to timars samlingar, ein gong i veka.

Åtte gratis samlinger

Gruppa vil møtast åtte gonger, med oppstart torsdag 11. januar kl. 14.00 – 16.00 ved Elegantegaarden, Borgundfjordvegen 116. Dette tilbodet er gratis, og i første halvår 2024 planlegg vi ei gruppe for foreldre med barn i alderen 6 – 12 år.

Gruppeleiarar for denne runden er Janne Gundersen og Anne Grasdal Aarseth. Påmelding til alle gruppene kan gjerast via telefon eller e-post til ein av dei to prosjektansvarlege:

Janne Gundersen        Anne Grasdal Aarseth

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål eller behov for meir informasjon. Vi ser fram til å dele denne reisa med dykk.