Stor suksess med arbeidsinkludering

HELT MED inkludera dei som hadde falt utanfor. 99% av deltakarane i Ålesund får fast jobb etter 4 vekers praksis.

tre damer ved juletre - Klikk for stort bileteHilde Ulla Berg (Nav), Lia Ciobanu Andersen (Ålesund bibliotek) saman med Martine Farstad Mathisen Ellen Taraldset

Stiftinga HELT MED har opna dører for fast jobb i ordinære bedrifter for personar som mottek uføretrygd og har ei utviklingsforstyrring, diagnose innan asperger/autismespekteret eller kognitive lærevanskar som tilsei at dei må ha tett oppfølging og tilrettelegging på arbeidsplassen, i Ålesund

Lett å finne praksisplass

Det å ha ein jobb er viktig for at vi menneske skal føle meistring, oppleve at vi er til nytte, er sjølvstendige og ein del av eit fellesskap. Å tilsette ein person gjennom ei Helt Med - ordning skal vere ein gevinst for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Alle menneske er flinkare til enkelte ting enn andre ting, men vi har alle noko å kome med. Ved å fokusere på korleis ein kan vere ein resurs for andre, heller enn kva hindringar som finst, vil ein få best resultat for begge partar.

Gjennom stiftinga HELT MED er det 23 personar i Ålesund som har fått fast jobb i heile Ålesund kommune, og tre av desse har fått jobb innan kommunalt arbeid. Dei tre jobbar no på biblioteket, som vaktmeister og kantinemedarbeidar. Berre den siste veka har det kome inn fem ulike interessemeldingar om praksisplass frå både arbeidsgjevar og moglege kandidatar.

-Det er takk og pris ikkje vanskeleg å finne gode praksisplassar til kandidatane, då vi er så heldige å ha mange inkluderande arbeidsgjevarar, seier Hilde Ulla Berg som er jobbspesialist hos NAV Ålesund.

Alle skal «Helt med»

Stiftinga HELT MED handlar om å inkludere personar som har ei uføretrygd eller er på veg til å få det, og som har utviklingshemming, utviklingsforstyrringar, asperger/autismespekteret eller kognitive lærevanskar, som tilseie at dei treng tett oppfølging og tilrettelegging på arbeidsplassen og i det ordinære arbeidslivet. 
Gjennom etablering av tilpassa arbeidsplassar har stiftinga ikkje berre opna dører for sysselsetting, men også sikra nødvendig støtte og opplæring for at dei tilsette skal trivast og lukkast. Sjølv om dei har fått seg fast jobb, har dei framleis tettoppfølging av HELT MED, og alle får varig oppfølging og støtte frå ein dedikert jobbspesialist. Det å inkludere og ha berekraftige arbeidsforhold er med på å drive HELT MED fram som ein positiv drivkraft for eit meir inkluderande samfunn.

Martine Farstad Mathisen er ein tre som har fått fast jobb gjennom HELT MED. Ho jobbar no 3 daga i veka på Ålesund bibliotek ved sida av å gå på Vidaregåande skole. Ho har ei variert kvardag med både å sortere filmar, sette på plass bøker, passe på at det er reint og fint i barneavdelinga, vatne blomster og mykje anna. I tillegg hjelper ho til med å gjere klart til strikkekafé som haldast på biblioteket kvar onsdag mellom 12.00 og 14.00. Dei tilsette ved biblioteket seier dei er så glade for å ha Martine til å jobbe hos dei, og dei kan ikkje skryte nok av ho. 
-Eg stortrivast i jobben, og er kjempeglad for å ha fått denne moglegheita. Eg anbefala på det sterkaste fleire til å vere med på dette prosjektet, seier Martine

Stor suksessrate 

Stiftinga sin strategi inneber avtalar med kjeder, kommunar og bedrifter for å etablere skreddarsydde arbeidsplassar, og deltakarane får sjølve være med å bestemme kvar dei ønsker å jobbe ut i frå dei utlyste stillingane. Med ein suksessrate får om lag 99 % av deltakarane i Ålesund tilbod om fast tilsetjing etter ein fire vekers betalt arbeidspraksis, som er betalt av HELT MED. Når dei vert tilsette får dei lønn frå arbeidsgjevar som utgjer minimum 20% av ordinær tariffløn. Dette skaper ikkje berre arbeidsmoglegheiter, men òg ein kjensle av å vere inkludert og meining for dei i målgruppa.

Det unike med HELT MED-modellen er den landsomfattande nærværet i omlag 50 kommunar. Dette gjer at stiftinga kan inngå sentrale avtalar med større aktørar nasjonalt og regionalt samtidig som dei opprettheld eit nært samarbeid med mindre bedrifter lokalt, sikrande mangfald og kvalitet i heile landet.