Stengt vatn i 33 timar utan at nokon merka det

«Vegkrysset» for alt vatn til Nordøyane er fjerna, skifta ut og fornya samtidig som vatnet rann i kranene hos dei 2500 abonnentane.

God planlegging, godt samarbeid -  og to millionar liter vatn i høgdebassenga våre, er forklaringa frå Sondre Lervik og Håvard Harneshaug, Vatn og avløp sine to tilsette på Harøya.

anleggsarbeid med senking av kum til grøft - Klikk for stort bilete

 

Prosjektet det er snakk om heiter Rogne Målekum. Dette er ein av dei mest sentrale kummane på den delen av vatn og avløpsnettet som har tilhøyrt det interkommunale selskapet SAHara (Sandøy og Haram IKS).

Rogne Målekum sørger for alt vatn til Haramsøya, Skuløy/Flemsøy, Fjørtofta, Harøya, Finnøya, Sandøya og Ona. Den gamle kummen begynte å bli i dårleg teknisk stand og var dårleg utforma med tanke på HMS for dei som skulle arbeide med den. Kallenamnet var «Bunkersen» fordi den var støypt som ein rektangulær klosse som kunne minne om ein bunkers. 

Alt måtte klaffe på tid

Når «Bunkersen» skulle fjernast og erstattast, måtte vassforsyninga til 2500 abonnentar på Nordøyane stengast. Dei to høgdebassenga på Austnes og Haramsøya gir ein buffer og beredskap på til saman to millionar liter vatn og eit heilt klart avgrensa tidsvindauge til å jobbe i.  

-    Høgdebassenga gir oss to døgn. Hvis ikkje vi greidde det på den tida, så vart alle ståande utan vatn. 

Kummen vart bygd på lageret til Vatn og avløp på Steinshamn. Prosjektet er i hovudsak planlagt av Sondre Lervik og Håvard Harneshaug medan jobben vart gjort i tett samarbeid mellom nye Haram kommune, Ålesund kommune og entreprenør. Ein tirsdagsmorgon klokka sju starta dei på sjølve arbeidet som vart ferdig dagen etter cirka klokka 14.30, knappe 33 timar etter at dei starta. 

-    Her var mange dyktige folk i sving og vi fekk skifta kummen utan problem og utan at nokon abonnentar merka noko.

Ny, solid kum og digitale vassmålarar

Ein ny og stor kum på 2,5 meter i diameter no på plass. Rør på opp til 315 millimeter også dei største  som er på leidningsnettet utover mot Nordøyane. I tillegg har ein fått på plass digitale vassmålarar. 

No vil den nye kummen levere vatn til øyane i lang tid framover i tillegg til at vi snart vil kunne sjå vassflyten «live» i driftskontrollen vår.

pumpe i lagerhall - Klikk for stort bilete
open betongkum - Klikk for stort bilete
anleggsområde - Klikk for stort bilete
ny kum med pumpe i - Klikk for stort bilete
gravemaskin i arbeid - Klikk for stort bilete
grøft - Klikk for stort bilete
anleggsområde med senking av kum - Klikk for stort bilete
rørsveis - Klikk for stort bilete