Slik vil kommunen skape byrom for alle!

I ei tid der både unge og eldre manglar møtepunkt, og mange kjenner på einsemd, vil kommunen gjere byen tilgjengeleg for alle. Med midlar frå KORO og Byen som regional motor, skal det framover prøvast ut ei rekke kunstprosjekt, med mål om å finne ut korleis byromma våre kan bli best mogleg. 

Lita jente et lunsjen sin på stokk - Klikk for stort bileteEi lita jente et lunsjen sin på eit av kunstverka. Jon Åge Giske Andersen

Det endelege målet for prosjektet er å finne ut korleis byromma skal bli på permanent basis. I prosjektperioden vil vi involvere innbyggarane, og eksperimentere med ulike måtar ein kan gjere byromma meir inkluderande og betre å opphalde seg i, med hjelp frå dei med kunstfagleg kompetanse. 

Det var allereie løyvd midlar til utvikling av byromma, St. Olavsplass, Harald Torsviks plass og Korsatunnelen, og når vi no har fått desse tilskota frå KORO og BRM kan vi gjera endå meir.  

Du kan gi ditt innspel, og lese meir på prosjektsida.

Vi vil høyre ditt innspel

Innbyggarmedverknad er eit kjent grep, men det er ei utfordring at det ikkje er fleire som vel å involvere seg i slike medverknadsprosessar. Det er eit heilt sentralt mål for prosjektet å ha medverknad og involvering av innbyggarane langt utanfor dei som vanlegvis slepp til. Prosjektet vil gje grunnlag for ei tydeleg bestilling frå innbyggarane og brukarane av romma, til utvikling av desse for framtida. 

– Eit av hovudmåla til Ålesund kommunes samfunnsdel er at vi skal vere det urbane og kulturelle knutepunktet mellom Bergen og Trondheim. Gjennom denne prosjektperioden inviterer vi kunstnarar i samhandling med landskapsarkitektar, arkitektar og ingeniørar og byens innbyggjarar til å drøfte, utfordre, tenkje nytt og utvide forståinga av korleis vi bruker byromma. Vi håper dette vil skape nysgjerrigheit og engasjement, og at vi ser ting på ein annan måte, seier kultursjef Oskar Skulstad. 

Skilt med QR kode på - Klikk for stort bileteGi ditt innspel til korleis byromma skal sjå ut! Jon Åge Giske Andersen

Gode byrom er førebyggande arbeid 

Prosjektet skal sette fokus på medverknad og involvering av innbyggjarane på nye måtar. Til prosjektet skal ein nytte 1.650.000 kroner frå BRM- midlar og tilskotet på 550.000 kroner frå KORO. Dette kjem som eit tillegg til dei midlane kommunen har sett av til byromsutvikling. Verdiskapinga i denne typen prosjekt går langt ut over dei tala som blir presenterte. 

– Å førebygge einsemd, utanforskap og framandgjering, og å heller stimulere til eit inkluderande lokalsamfunn der alle kan kjenne tilhøyrsle, det er godt førebyggande arbeid i ein langt større skala.  

Dette heng saman med det kommunen kallar den heilskaplege innsatstrappa. Dette er strategien vår for gode og berekraftige helsetenester i framtida. Heile utgangspunktet for innsatstrappa er å gjere det vi kan for å skape tilhøyrsel, mangfald og trivsel. Det handlar både om betre liv og betre helse, og om å minske behovet for dyrare helsetenester, seier verksemdsleiar Pergunn Rødseth Gjerdsbakk. 

Kinderegg-metode 

Totalt har Ålesund kommune fått 2,2 millionar i midlar, som vi er heldige å få til prosjektet vårt, då dei elles ville ha gått til eit anna prosjekt. Det er planlagt å bruke 2,7 millionar til kunstnarar i ulike roller i prosjektet, som prosjektmedarbeidarar, kuratorar, og utøvande kunstnarar. Dette fokuset på kunstkompetansen i samfunnsutvikling er i tråd med samfunnsdelen til kommunen som er politisk vedteken.  

Kommunen bruker 500.000 kr i eigenkapital på kunstkompetansen. I tillegg finansierer eigenkapitalen tradisjonelt prosjektarbeid men i ei tverrfagleg gruppe som skal sikre at vi har best mogleg utgangspunkt for å laga gode byrom for barn, unge og eldre med dei utfordringane vi har i samfunnet i dag. Vi har også sterkt fokus på breie undersøkingsmetodar slik at vi når dei som sjeldan seier si meining, heller enn å ha dei vanlege folkemøta kor få og dei same møter opp.  

Totalt skal kommunen bruke 4 millionar i eigenkapital, og for desse pengane skal vi ende opp med gode resultat frå undersøkingar og utprøvingar, konseptforslag og så detaljprosjekt. Herifrå er det klart til fysisk gjennomføring av planane, om det blir løyvd budsjett til dette.  

Å få gjort undersøkingar, prosjektering, detaljplanlegging og utprøving på ein gong, og med bygging frå dag ein, er veldig fint. Det kan ein kalle ein kinderegg-metode, men med langt meir enn berre tre ting på ein gong.  

– Dette er eit resultat av vårt målretta arbeid med å gjere medverknadsprosessane meir tilgjengelege, og vi håpar at dette prosjektet kan føre til ein ny praksis i stad og tenesteutviklinga i kommunen vår, seier Linda Fiskerstrand Sperre, prosjektleiar for BRM i Ålesund kommune. 

mange mennesker på ein benk - Klikk for stort bileteKunstnaren hadde aldri sett så mange sitte nede ved vatnet som i dag Jon Åge Giske Andersen