Slik blir HelsaMi appen - Last den ned allereie no

HelsaMi er innbyggarportalen til Helseplattformen, det nye felles journalsystemet for kommunar og sjukehus i Midt-Noreg. Løysinga vert også tilgjengeleg i ein app. Last den ned no og ver klar til Ålesund kommune tek i bruk Helseplattformen.  

Mann bruker mobiltelefon - Klikk for stort bilete Shutterstock

Med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Dette er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester. Gjennom HelsaMi kan du mellom anna få oversikt over helseopplysningar, ha dialog med helsepersonell og bestille timeavtalar.  

Helsa Mi kan du bruke på Pc-en, via app på mobiltelefon eller på nettbrett. Dette gjer det enda enklare å ha oversikt over prøveresultat, reseptar og timeavtalar til ein del av helsetenestene. Det er og mogleg å skru på varsling, så er du sikker på at du ikkje gjeng glipp av ein viktig avtale.   

Helseplattformen lanserast i Ålesund kommune 28. April. Sjølv om det ikkje er mykje som skjer i appen før den tid, er du godt førebudd til å ta den i bruk om du lastar den ned allereie no. 

Meir om HelsaMi og korleis bruke appen.