Skjenkebevilling, tilskot til veterinærpraksis i Haram og renovasjon.

Tysdag 14. november vert det møte i Formannskapet i  noverande Ålesund kommune og torsdag 16. november vert det Kommunestyremøte i Ålesund 24 og Haram 24.

menn og damer i møte - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde Ellen Taraldset

Fram til dei nye kommunane vert oppretta 1. januar 2024, vil det bli halde kommunestyremøte og formannskapsmøte i både den noverande kommunen og dei to nye kommunane Haram og Ålesund. Dei som set i det noverande kommunestyret og formannskapet skal berre vedta saker som gjeld Ålesund kommune fram til nyttår, mens kommunestyret og formannskapet for Haram 2024 og Ålesund 2024 skal berre vedta saker som gjeld for dei nye kommunane etter nyttår.  

Saka om skjenkebevilling til Odeon kino og Løvenvold Theatre skal denne veka opp i både formannskapet for den noverande kommunen, og kommunestyret for Ålesund 2024. Dette er fordi ein må ta stilling til skjenkebevilling fram til nyttår, og etter nyttår.  

Elles har formannskapet desse sakane på sakslista si:  

  • Finansrapport pr. 2.tertial  
  • Tertialkontroll pr. 31.08.23  
  • Sparebanken Møre Arena - skifte av kunstgressdekke . Ny vurdering av tidlegare vedtak 

Les meir om sakene i møteprotokollen, og sjå møtet direkte på KommuneTV

Kommunestyret i Ålesund 2024

I kommunestyret for nye Ålesund er det desse sakene som står på sakslista:

  • Forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Ålesund kommune  
  • Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket, Ålesund kommune, Møre og Romsdal  
  • Godkjenning av forskrift om gebyr for private planar, byggje- og delesakshandsaming, oppmåling og seksjonering - Ålesund kommune  
  • Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Ålesund kommune, Møre og Romsdal  
  • Forskrift om renovasjon, Ålesund kommune, Møre og Romsdal  
  • Forskrift om tømming av slam og avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg, Ålesund kommune, Møre og Romsdal  
  • Tilskott til drift av veterinærpraksis på dagtid i Haram veterinærdistrikt  
  • Løvenvold Theater AS - søknad om alminneleg bevilling for skjenking av alkoholhaldig drikk  
  • Odeon Kino AS - søknad om alminneleg bevilling for skjenking av alkoholhaldig drikk  
  • Regelverk for gateleige ved mellombelse bygg- og anlegggsarbeid  
  • Retningslinjer for arbeidsløyve på kommunal veg  
  • Kommunedeling - Vedtekter, fullmakt til styret og viktige retningslinjer for Ålesund kommunale eigedom KF  
  • Reviderte vedtekter for Ålesund brannvesen  
  • Selskapsavtale - Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS Side 2 av 69  
  • Val av medlemmer til partssamansett utval 2023-2027  
  • Retningsliner for val av styrerepresentantar til heileigde føretak i Ålesund kommune
  • Val av valutval for heileigde føretak 2023 - 2027  

Les meir om sakene i møteprotokollen, og sjå møtet direkte på KommuneTV

Kommunestyret i Haram 2024

I kommunestyret i Haram er det desse saken som står på sakslista:

  • Lovlegkontroll av k. sak  
  • Val av formannskap 2023-2027  
  • Lovlegkontroll av k. sak  
  • Val av kontrollutval 2023-2027  
  • Forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Haram kommune  
  • Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket, Haram kommune, Møre og Romsdal  
  • Godkjenning av forskrift om gebyr for private planar, byggje- og delesakshandsaming, oppmåling og seksjonering - Haram kommune  
  • Forskrift vass- og avløpsgebyr, Haram kommune, Møre og Romsdal  
  • Forskrift om renovasjon, Haram kommune, Møre og Romsdal  
  • Forskrift om tømming av slam og avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg, Haram kommune, Møre og Romsdal  
  • Tilskott til drift av veterinærpraksis på dagtid i Haram veterinærdistrikt  
  • Selskapsavtale - Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS  
  • Val av medlemmer til partssamansett utval 2023-2027

På grunn av møtet i Haram vert gjennomført ein annan stad enn vanleg vert det ikkje strøyma denne gangen, men du kan lese meir om sakene i møteprotokollen.