Skjenkebevilling til Odeon Kino og Løvenvold Theatre, og skifte av kunstgrasdekke i Sparebanken Møre Arena.

Formannskapet i den noverande Ålesund kommune hadde sitt siste møte tysdag 14. november. Her kan du lese kva sakar som vart tatt opp.

Formannskapet Ålesund kommune

Det blei vedtatt å innvilge skjenkebevilling til Odeon kino og Løvenvold Theatre fram til 01. januar 2024. Grunnen til at det var formannskapet i den noverande kommunen som vedtok dette, er på grunn av at det nye kommunestyret ikkje kan vedta saker som gjeld før nyttår. Den vidare skjenkebevillinga frå 01. januar er det det nye kommunestyret som skal bestemme. Denne saka skal takast opp i kommunestyremøte torsdag 16. november.

Elles på sakslista var vurdering av tidlegare vedtak angåande å skifte kunstgrasdekke ved Sparebanken Møre Arena. Det vart vedteke å auke investeringsbudsjettet og  ta opp eit lån på inntil 6 millionar for å skifte kunstgrasdekket.

Andre sakar på sakslista var: 

  • Finansrapport pr. 2.tertial 2023
  • Tertialkontroll pr. 31.08.23

Du kan lese sakspapira i Møteprotokollen, og du kan sjå opptak av møtet på KommuneTV.