Sivilforsvaret øver med 100 personar ved Brusdalsvatnet

Tirsdag og onsdag  7. og 8. mai øver Sivilforsvaret på å pumpe vatn frå Brusdalsvatnet. Samhandling og sikring av vatn til 70.000 personar står på timeplanen.

Brusdalsvatnet sett frå lufta - Klikk for stort bileteBrusdalsvatnet er drikkevatnet til nesten 70.000 personar i Ålesund kommune, Sula kommune som reservevatn til Giske kommune.

Det er to troppar med til saman 100 personar som skal i sving. Tropp 1 med halvparten av styrken øver tirsdag medan tropp 2 øvar onsdag.

Under øvinga skal Sivilforsvaret trene på å pumpe vatn frå Brusdalsvatnet til vassverket.  

Andreas Lied, leiar LIA2 i Ålesund Sivilforsvar, seier dei gjennom denne øvinga skal trene på samhandling både internt i Sivilforsvaret og med Ålesund kommune.

-    Vi skal øve på det reint praktiske, men også på korleis samhandlinga hos oss og med kommunen fungerer. Vi ønskjer å vere ein god samarbeidspartner for Ålesund kommune og kunne jobbe tett med dei når ein krise oppstår.

Test på om ein kan oppretthalde vasstilførselen

Under øvinga skal Sivilforsvaret teste utstyr og lære opp mannskap i bruke av pumpeutstyr, ATV-ar og så vidare, og det vere mannskap i innsatskle og utstyr i arbeid fleire stader rundt Brusdalsvatnet.

Andreas Lied fortel fortel dei skal legge ut to kilometer med firetoms slange.

-    Det er likevel berre 1/16 av det som må til om dette skulle vere ei fullstendig løysing, men vi får testa om vi får oppretthalde vasstilførselen i tilfelle ein katastrofe skulle skje. Det er også ei god øving for mannskapet vårt i å flytte vatn. Det er noko vi gjer mykje både under skogbrann og flaum.  

Viktig samarbeidspartnar

Beredskapssjef i Ålesund kommune, Vidar Tolås, seier han er glad for at Sivilforsvaret no skal ha ei øving som er knytt til vassforsyning.

-    Sivilforsvaret er ein svært viktig samarbeidspartnar for oss når det gjeld beredskap og krisehandtering, og nok, reint vatn til innbyggarane våre er heilt avgjerande, så at vi får ei øving som gjeld vassforsyninga er noko vi alle må sette stor pris på. 

Noko av det ein vil følgje nøye med på under øvinga er om Brusdalsvatnet vert påverka av små mengder grums frå pumpinga eller små mengder olje frå pumper, aggregat eller køyretøy.