Saman om ei meir inkluderande russefeiring

Korleis kan vi saman skape ei trygg og inkluderande russefeiring? Det er tema for eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Ålesund kommune, politiet, frivilligheita og russen.

Fem personar - Klikk for stort bilete

Frå venstre: Minda Myklebust, SLT koordinator i Ålesund kommune | Marthe Fjelddahl- Jacobsen, russepresident Ålesund vidaregåande | Kariann Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune | Nora Strømmen, russepresident Spjelkavik vidaregåande | Alexander Wiig, kommuneoverlege og fagsjef ved legevakta i Ålesund

Gjennom mange år har det vorte lagt ned ein flott jobb rundt russen, både i regi av kommuneadministrasjon, helsesjukepleiarar og politi. Samarbeid mellom dei ulike russepresidentane, opplæring av russepoliti og at russen får eige område på Flatholmen er svært positive tiltak.

Negativ utvikling

Det har vært ei negativ endring rundt russetida. Etter pandemien startar russetida tidlegare enn før og i Ålesund har russen etablert eit rebusløp som er grensesprengande og helsefarleg på fleire måtar.

Elevar fortel at dei gruar seg til russetida eller føler at russetida ikkje er for dei fordi den er prega av stort pengeforbruk, frykt for utanforskap, mykje rus og at feiringa går utover skulearbeidet.

- Det er et paradoks at barn opp gjennom skoletida lærer om verdiar som empati, fellesskap og inkludering, men at gjennom russetida blir alt dette brått forkasta og at haldningar som utestenging, gruppepress, og nedverdig blir akseptert og dominerande. Etter tre år på vidaregåande kan ikkje vi som samfunn godta at skoletida for mange avslutte i utanforskap, audmyking og einsemd, seier Minda Myklebust, SLT-koordinator i Ålesund kommune.

Nytt samarbeid for å hjelpe russen

- Etter 13 års skolegang fortener ungdommane våre ein fest – dei fortenar å feire alt de har jobba for, dei fortenar å feire ungdomstida og å feire alt livet  byr på framover. Det ein bør sjå på er korleis vi saman kan forme russekulturen til ein fest som ikkje stenge ute, men som inkluderer alle, fortset Myklebust. 

På forsommaren tok derfor Ålesund kommune initiativ til eit nytt samarbeid mellom fylkeskommunen, politiet, frivilligheita og russen. Samtidig såg også dei vidaregåande skulene i Ålesund på dei same utfordringane.

- For å få til ein positiv endring har vi gått saman regionalt, lokalt, på tvers av sektorar og instansar, private og offentlege aktørar. Vi har satt i gang ein god dialog med russen rundt kva dagens feiring er og kva den bør være. Det blir viktig i eit fellesskap å finne ut korleis ein kan skape ein god og trygg russefeiring.

Mål med samarbeidet

Ålesund kommune ønsker å legge gode rammer rundt innbyggarane sine liv og legge til rette for god livskvalitet. Ein god og trygg oppvekst er avgjerande for framtida til dei unge.

Dette er nokre av tiltak som har blitt diskutert:

  • Informasjon til føresette gjennom heile tida på vidaregåande skole.
  • Tematisere russefeiringa i undervisninga på eit tidleg tidspunkt, med fokus på fellesskap og inkludering.
  • Jobbe med haldningar og verdiar hos den kommande russen
  • Gi russen betre forutsetningar for ei god og trygg russetid, med eit eige «festivalområde» der ein har større involvering av vaksne.

Dei vidaregåande skolane har alt hatt informasjonsmøter med føresette. Fylkeskommunen, som er skoleeigar, har laga ein samtaleguide til foreldre og dei har tatt opp temaet russefeiring i sin podkast.

Samtaleguide for foreldre om russetid

Høyr podkastepisoden: Hemningslaus russefeiring - kven bryr seg?

Vil du vite meir?

Samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggande tiltak (SLT)