Økonomi, målform og eventuell flytting av cruisehamna

Det blir møte i formannskapet for nye Ålesund kommune tysdag 21. november kl. 09.30. Blant sakene som står på sakslista finn vi økonomi, målform og ein eventuell flytting av cruisehamna.

møte - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete Jon Åge Giske Andersen

Ei av sakene som skal opp i formannskapet er kva målform det skal bli når Ålesund kommune no vert ny kommune. Ålesund har sidan kommunesamanslåinga i 2020 vore ei nynorsk kommune. Kommunedirektøren sitt forslag er at kommunen skal vere ei språknøytral kommune med moglegheit for tilsette til å bruke både nynorsk og bokmål. 
Målet er å følge Språklova og ha ein reell tospråkleg kommune, der den overordna kommunikasjonen nyttar både bokmål og nynorsk. Forslaget inkluderer også å ikkje vedta kva språk staten skal nytta i skriftleg kommunikasjon, for å vere ein språknøytral kommune. I tillegg foreslår kommunedirektøren å melde kommunen ut av Landssamanslutninga for nynorskkommunar av økonomiske omsyn. Saka skal behandlast i formannskapet 21. november og deretter i kommunestyret 7. desember.

Budsjett for 2024 og handlings- og økonomiplan 2024-2027

Ålesund kommune er i ein krevjande økonomisk situasjon der det er nødvendig å gjere tiltak på både kort og langsiktig for å få kommuneøkonomien på rett spor. På grunn av den aukande inflasjonen, høgare renter og usikkerheit er det viktig å redusere gjeldsgraden for kommunen i åra framover. 
Delinga med Haram kommune vil også redusere innbyggartalet med om lag 9400, og organisatoriske og økonomiske konsekvensar vil prege planlegging og drift. Det vil fortsett vere ein del arbeid knytt til kommunedelinga gjennom store delar av 2024, særleg fram mot sommaren når ein skal gjere opp rekneskapen for 2023, der ein skal fordele gjeld og eigendelar. Dette gjer at ein i ei periode må ha noko høgare bemanning, særleg innan kommunalområde organisasjon.
Økonomisk planlegging står sentralt, der innsparings- og omstillingstiltak må balanserast med langsiktige målsetjingar. Eit pressa økonomisk scenario og behovet for meirbemanning for kommunedelinga gjer det utfordrande å oppretthalde ordinær drift. Kommunedirektøren seier i si innstilling at han ser auka eigedomsskatt som nødvendig, og ein utfordrande økonomisk framtid krev grundig planlegging og handling.

Moglegheitsstudie om eventuell flytting av cruisehamna

Kommunedirektøren si innstilling er å godkjenne konkurransegrunnlaget knytt til moglegheitsstudien for plassering av cruiseskip i Ålesund sentrum. I juni 2023 vedtok kommunestyret at det burde gjennomførast eit moglegheitsstudie for å utgreie potensialet og konsekvensane for å flytte cruisebåtane til eit anna kaianlegg i sentrum. I samarbeid med Ålesundregionens havnevesen, Sørsida Utvikling AS, og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har samarbeida om utforminga til det framlagte konkurransegrunnlaget. Studien skal vurdere flytting av cruiseskip til Skansekaia Nord og inkludere byutviklingsgrep. Hamnestyret har allereie godkjent konkurransegrunnlaget, understrekar behovet for c i hamnedrifta, men ser fram til å få presentert studien og tilhøyrande tiltak. Kommunedirektøren tilrår no godkjenning av konkurransegrunnlaget for å balansere byutvikling og hamneøkonomi.

Andre sakar på saklista:

Søknad om driftstilskot frå Open barnehage Moa

  • Tilskotsordning ved varsel om pålegg om tilknyting til offentleg vass- og avløpsnett
  • Delegering av oppgåver og myndigheit til Attvin AS
  • Beredskap i Ålesund2024
  • Organisering av vekst- og attføringsbedriftene i Ålesund kommune 
  • Selskapsavtale Sunnmøre kontrollutvalssekretariat IKS
  • Søknad om midlertidig fritak frå kommunestyret fram til og med 31.03.2024 - Benedicte Hurle
  • Vigselsmynde i Ålesund kommune
  • Møteplan 2024 for folkevalde organ i Ålesund kommune
  • Val av representantar til representantskapet (havnerådet) i Ålesundregionens havnevesen IKS

Les meir om sakene i Møteprotokollen, og sjå møtet direkte på KommuneTV