Nytt innspurtsmøte på oppløpssida den 7. desember

Storfjordsambandet inviterer til eit nytt informasjons- og innspurtsmøte i konseptvalutgreiinga (KVU) den 7. desember 2023. Då vil Norconsult og Pure Logic presentere dei førebelse resultata av moglegheitsstudie, alternativ-analysane, og gi eit innblikk i drøfting og anbefaling.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteNytt innspurtsmøte den 7. desember

I det førre informasjons- og innspurtsmøtet den 16. november ga Storfjordsambandet ei statusoppdatering etter at situasjonsbeskriving, problem- og behovsanalyse, strategiske mål, og mål og krav no er landa i rapporten.
Norconsult og Pure Logic fortalte kva dei har funne ut så langt, og korleis dei no jobbar på oppløpssida.

Det vart streka under at KVU er ein metode som legg vekt på det «store bildet», ikkje på direkte eller nøyaktige linjeføringar for trasé eller tekniske løysningar. I KVU-en drøftast det om tiltaka som ligg i Storfjordsambandet er nokke å jobbe vidare med, om dei har livets rett, einskild og samla.

Dei kallar no inn til eit nytt innspurtsmøte.

Tidspunkt: 7. desember kl. 13:00 – 14:00
Stad: Digitalt – Teams
Korleis få møteinnkalling: send ein epost til dagleg_leiar@storfjordsambandet.no

Møtet vert tatt opp på video for vidare dokumentasjon.

Storfjordsambandet har eit mål om å ferdigstille KVUen ut på nyåret, truleg i februar 2024.

Det er framleis mogleg å kome med innspel og spørsmål gjennom medverkingsportalen. Du kan lese meir om prosjektet på Storfjordsambandet si heimeside