Normal kommunal drift 1. februar

Tiltaka som blei satt i verk i beredskap for  ekstremvêret Ingunn vert avslutta torsdag morgon og det blir då normal kommunal drift igjen.  

Barn i ein skoletime - Klikk for stort bilete Marit Brunstad

I kriseleiinga sitt møte klokka 22 onsdag kveld vart det stadfesta at tiltaka som har vært sett i gang vert avslutta torsdag morgon. 

Skulane vil vere opne som normalt på torsdag, og fylkeskommunen har meldt at skuleskyssen skal vere på plass.