Mykje aktivitet i byromma og ny kunstnar involvert

Denne veka er det mykje aktivitet i byromma! Om du ikkje har opplevd Byromsprosjektet endå, er denne veka ei ypparleg anledning.  

Portrettbilete av kvinne - Klikk for stort bileteChiara Bersani Lorenza Daviero

I tillegg til mykje spennande i gatene, er det også duka for mange gode kunstopplevingar i samband med Høstscena.  

Fokus på inkludering 

Gjennom samarbeid med scenekunstfestivalen Høstscena involverast kunstnaren og koreografen Chiara Bersani. Gjennom sitt arbeid sett ho fokus på å inkludere innbyggjarar med nedsett funksjonsevne, og blir ei viktig stemme inn i byromsprosjektet. 

Som kunstnar utforskar Bersani politiske aspekt ved kroppen, og korleis førestillingane våre samhandlar med, og påverkar samfunnets etablerte konvensjonar. I Korsatunellen vert det presentert tekstutdrag frå to av Bersani sine arbeid. 

Den fyrste teksten er eit utdrag frå «Cordata», ein lydinstallasjon som tek utgangspunkt i den strenge nedstenginga i Italia, som følge av koronapandemien. Bersani opplevde då, som mange andre, at ho ikkje kunne reise. I staden blei ho bunden til heimen sin. «Cordata» blei ein moglegheit for å fortsette å gjere det ho elska mest med å reise, nemleg det å betrakte eit uventa landskap, i lag med andre.  

Den andre teksten kjem frå «Pied Piper», eit arbeid som djupast sett handlar om lovnadar. Lovnaden om at samfunnet skal vere tilgjengeleg for alle. Under Høstscena vil Bersani og lokal ungdom med funksjonsvariasjonar, utforske byen. Slik kan nye perspektiv på byen vår komme til syne. Meir informasjon om Chiara Bersani og programmet til Høstscena finn du her.  

Siste veke for det grøne og for trekonstruksjonane 

Denne veka går vi for alvor inn i hausten og det grøne arbeidet i Glashuset har si siste veke. Har du ikkje opplevd orangeriet til Ragnhild Søvik og Solveig Fagermo, må du ta turen innan laurdag.  

I månadsskiftet september og oktober vil trekonstruksjonane og elementa til Simon Wågsholm og Jørgen Stavseng tas inn i Korsatunellen for å tørke og få behandling. Deretter skal dei bli gjenbrukt.

Stadig nye utprøvingar 

Karin Augusta Nogva kjem også til å fortsette med sine utprøvingar i byromma denne veka og blir synleg i si drakt. Hennar prosjekt er interaktivt og undersøkande, med hensikt å engasjere, og bidra til at folk kan ta meir eigarskap til dei felles romma våre.  

Portrettbilete av kvinne - Klikk for stort bilete
Portrettbilete mann - Klikk for stort bilete

Bent Erik Myrvoll held også fram med sine utprøvingar i sør-opninga av Korsatunellen. Vanskeleg vær har gjort det utfordrande å kome i gong med den delen av prosjektet som skjer ute, men no er det ikkje lenge før arbeidet vert synleg i byrommet.  

Debatt – Kven skal bygge Ålesund? 

Laurdag arrangerer Høstscena debatt på Teaterfabrikken, og der deltek mellom anna arkitekt Kristin Uleberg Osnes fra Jaja Arkitekter, som er arkitekt i Byromsprosjektet i panelet. Arrangementet er gratis, og kan vere eit godt høve til å bli betre kjend med ein av dei som skal lage skissene for framtidas bysentrum. 

Gi ditt innspel 

Målet med byromsprosjektet er finne ut kva folk ønsker og treng i byromma, ved å samle innspel og gjennom utprøvingar. Du kan også gi dine innspel direkte til oss i eige nettskjema.

 Gi ditt innspel

Ålesund kommune har fått midlar frå Byen som regional motor (BRM) og frå Kunst i offentlege rom (KORO) til å gjennomføre prosjektet.