Kva gjer kommunen med trafikken på Akslafjellet?

Trafikksituasjonen er ikkje haldbar, verken for innbyggarane eller for turistnæringa. Ei fullgod løysing vil ta tid, men prosessen er i gong. Fram til då vil kommunen gjere det som er mogleg å gjere.  

Fjell med stort kvitt bygg på toppen - Klikk for stort bileteFjellstua på Aksla er destinasjonen for dei fleste som køyrer opp forbi Fjelltun

Trafikken på Akslafjellet, som går langs Volsdalsbakken, Setrevegen og Fjelltunvegen på veg til Fjellstua, er prega av for høg fart, eit veldig stort trafikkvolum og mange bussar. Dette fører til utryggleik for dei som bur der og dårlege besøksopplevingar.  

Dette gjer vi no 

Høg fart er den mest akutte faren, både for turgåarar, syklistar og for born og vaksne som bur langs vegen.  

Kommunen har allereie forbetra plasseringa på fartsskilta, og venter på å få 11 nye fareskilt «Barn» med underskilt «turområde, senk farten 30 km/t». Det er ikkje lov å sette opp nye fartsskilt innanfor ei sone, men ved bruk av fareskilt kjem vi rundt dette. Ved å sette fareskilta på lyktestolpane får vi også spart tid som elles hadde gått til å fundamentere. 

Som med fartsskilt, er det også avgrensingar på kvar fartsdumpar kan nyttast. Store deler av vegstykket har for høg stigning, men sidan Setrevegen ikkje er like bratt har vi no fått bestilt to fartsdumpar dit. Dei kjem på plass so snart asfaltleverandøren opnar opp att etter ferie.  

I tillegg held vi fram med trafikkmålingane våre, av fart, køyretøytype og trafikkvolum. Desse målingane vert sendt over til politiet fortløpande, slik vi har gjort dei siste fem vekene. Det er viktig at innbyggarane våre også er flinke til å melde frå til politiet dersom det vert observert farlege situasjonar. 

No i turistsesongen er trafikkmengda veldig høg. Det er derfor svært gledeleg at Ålesund hamn no har blitt eining med kommunen om å spleise på manuell trafikkdirigering på dei dagane det er mest cruisetrafikk.  

Ei varig løysing 

Etter sommaren startar arbeidet for fullt, då skal alle samlast for å finne ei løysing. Verksemdsleiar for miljø og samferdsel, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, vil finne ut kor grensa går for byen som berekraftig turistmål.  

– Det vi må jobbe med framover er å finne tolegrensa for byen, i sin heilskap. Det er mange omsyn som må vektleggast, det gjeld å finne den rette balansen, slik både dei som bur her og dei som besøker oss kan få gode opplevingar. Det er rom for meir enn skilt og fartskontrollar på lengre sikt, og å finne den løysinga tek vi fatt på no etter sommaren. 

Kommunen vil invitere inn til samarbeid på tvers av avdelingar og sektorar, med fokus på berekraftig turisme, tryggleik for dei som bur langs vegen og beredskap for heile lokalsamfunnet. Første møte er allereie planlagt. Frå kommunen sin side vil arbeidet med ny trafikktryggingsplan og ein reiselivsstrategi vere med på å sette rammene for korleis området skal sjå ut i framtida. 

Det er ikkje klart kva løysing som vert den endelege etter dette arbeidet, men kjernen i utfordringa er at det i utgangspunktet berre er ein veg opp til Fjellstua og det vegstrekket har svært variabel kvalitet.  

– Det vert snakka både om regulering av trafikkvolum, parkeringsavgift, lysregulering, turistskatt, den totale tolegrensa for byen i si heilheit, reiselivsstrategi og mykje meir. Men hovudfokuset er at vi må finne gode løysingar som er akseptable for alle partar. Ivareta innbyggarane våre og samstundes legge til rette for ei bransje som tilfører byen og næringslivet både auka inntekter og positivt omdømme, fortel verksemdsleiaren.