Korsatunnelen står for tur

I dag er Korsatunellen vindfull, kald og litt uhyggeleg, dette er eit av fleire prosjekt som skal sjå på korleis det kan bli betre å opphalde seg der inne. Målet er eit byrom folk ønsker å opphalde seg i, året rundt, heller enn eit ein går gjennom så raskt som råd.

Portopning - Klikk for stort bileteKorsatunnelen sin nordre inngang Jon Åge Giske Andersen

Arbeidet knytt til byromsprosjektet i Korsatunellen starta førre veke, og første steg var å ta ned montrane. Bileta inne i montrane er vasskadde og Ålesund Museum er samd i at desse bør takast ned. Når montrane er fjerna, og tunnelen vaska, skal kunstnarane Ivan Dujmusic og Karin Augusta Nogva i gong med sine bidrag, inne i tunnelen og i den sørlege inngangen. 

Medverknad i sentrum

Forprosjektet for byromma handlar om å få i gang ein dialog om kva byromma våre skal vere. Vi ønsker ein brei medverknad for å avdekke behov og ønsker frå alle som bruker byen vår. Ein sentral del av denne prosessen er å samle innspel frå ulike brukargrupper, med fokus på barn, unge og eldre. 

Vi har allereie skilt ute i byromma med ein QR-kode som lenker til eit skjema der kvar og ein kan gi sine innspel. I tillegg arrangerer vi ulike arbeidsverkstadar, og denne veka vil prosjektgruppa, inkludert landskapsarkitektar frå byråa JAJA og Lala Tøyen, møte innbyggarar ved tre ulike høve og inviterer media til å bli med for å sjå kva som skjer. 

  • Torsdag 24.8 kl. 10.00-12.00: Workshop med barn
  • Torsdag 24.8 kl. 17.00-20.00: Menneske og bevegelse (eldre med fleire)
  • Fredag 25.8 kl. 17.00-20.00: Workshop Farger og lys (ungdommar)

Venlegast ta kontakt med avdelingsleiar Malin Ramnemo, Ålesund Kommune, for oppmøte, vidare informasjon, og ved ønske om intervju av prosjektmedarbeidarar frå JAJA eller Lala Tøyen. 

Ein invitasjon til refleksjon

Biletkunstnaren Ivan Dujmusic vil sjå korleis ein kan påverke opplevinga av det å vere inni tunnelen, med bruk av tekst og andre visuelle element, for å sjå om det kan endre opplevinga av denne staden. Han har laga tre tekstarbeid, som vert plassert oppe på veggane i løpet av veke 34.

–    Eg trur folk vil oppleve Korsatunnelen på ein heilt annan måte når desse tekstane kjem opp. Intensjonen er å invitere betraktaren til refleksjon, seier Dujmusic. 

Slik som førre prosjekt gjorde utprøvingar med sitteplassar, skal ein no prøve ut visuelle endringar inne i tunnelen. Som sist er også desse utprøvingane mellombelse. Læringa frå desse utprøvingane er korleis ulike material, fargar, lys og utformingar fungerer inne i dette byrommet. 

Læring i møte med staden og folka

Karin Augusta Nogva skal bruke mellom anna performative handlingar i si undersøking av byrommet, og inviterer folk til å delta. Ved å vere på staden over tid, og gå i dialog med dei som er i romma, vil ho sjå om ein kan samle inn ein annan type informasjon enn den som kjem fram i andre medverknadsprosessar. Hennar prosjekt er interaktivt og undersøkande, med hensikt å engasjere, og bidra til at folk kan ta meir eigarskap til dei felles romma våre. 

Ho vil lage ein base der det vil ligge framme papir og teiknesaker som publikum kan ta i bruk, og en tavle på vegg som ein kan henge opp teikningar og skisser på, seier Karin. Folk i alle aldrar er hjarteleg velkomne. Ho skal halde på no i veke 34, også igjen i veke 39 og 46. Ho vil ha på seg ei synleg drakt med mønster slik at alle vil kjenne ho att og det blir lett å ta kontakt.

I slutten av prosjektperioden, skal arkitektane og landskapsarkitektane lage ein detaljert plan for korleis byrommet skal bli på permanent basis, med utgangspunkt i utprøvinga, innspela og læringa. Har du tankar om byrommet allereie no? Kom med innspel i skjemaet!

Om kunstnarane

Ivan Dujmusic jobbar i skjeringspunktet mellom tekst og visuell kunst. Den kunstnariske praksisen hans involverer ulike medium som teikning, grafikk, installasjon og skulptur. Verka til Dujmusic krinsar rundt grunnleggjande menneskelege erfaringar som går i dialog med ideen om kunst.

Dujmusic har MA frå Academy of Fine Arts i Zagreb og BA i animasjon frå Høgskulen i Volda. Han har stilt ut og delteke i ei rekkje galleri og festivalar i inn- og utland. I 2017 fekk han kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2022 har han vore med å etablere Aggregat forlag, eit kunstnardrive forlag med fokus på produksjon av kunstnarbøker. Dujmusic bur og jobbar i Ålesund.

Karin Augusta Nogva er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Edinburgh College of Art, med Master i Kunst, med fordjuping i grafikk. Ho er aktiv på kunstscena innan ulike genre som til dømes scenekunstforteljing med papirklipp, te-seremoni eit tverrfagleg samarbeid med trioen Noriaki og performativt arbeid som Fuglevokter. I biletkunsten arbeider ho med teikning og grafikk på papir og tekstil. 

Tematisk er det naturen og miljøet som opptek ho, forbruket vårt og naturen som setjast på spill. Ho er inspirert av japansk handverkstradisjon og har fleire gonger vore på studiereise til Japan. Nogva har utført fleire store utsmykkingar i offentlege bygg, mellom anna ved Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund.