Konsekvensar av kommunedelinga - Webkart og matrikkel

Som ein følge av kommunedelinga vart matrikkelen (det norske eigedomsregisteret) stengt for oppdateringar/endringar den 15. desember 2023 og vil vere stengt fram til 2. januar 2024.

Kart og linjal - Klikk for stort bileteIllustrasjon Marit Brunstad

Samtidig blei alle kart- og arealplandatabasar stengde for oppdatering. På grunn av dette vil kart-, arealplan- og matrikkeldata som kjem fram i webkartet til kommunen, inntil vidare vere data per 15. desember 2023.

All data blir splitta under kommunedelinga og det skal lagast separate kartsystem for dei to nye kommunane. Splittingar av datasett og tilgjengeleggjering av datasetta for webkart vil gå føre seg inn i starten av 2024. 

Det vil difor gå ein periode før dei to kommunane kan tilby oppdatere kart-, arealplan- og matrikkeldata i webkartsystema sine.

Ein vil i oppstarten av dei to nye kommunane rekne med å nytte seg av Ålesund kommune sine «gamle» webkartsystem. I starten må ein rekne med at det kan vere litt uro i systemet.

Nye endringar vil ikkje visast

Sidan det som kjem fram i webkartet er data per 15. desember (og inntil vidare) vil eventuelle endringar gjort i kart, arealplanar eller matrikkelen etter 15. desember ikkje komme fram i kartsystemet. Dette vil seie at nye eller endringar på eigedommar/bygningar/adresser eller eventuelle arealplankart ikkje vil komme fram i webkart før systema for dei to nye kommunane er ferdig og kan takast i bruk av dei to kommunane.

Innsyn i dokument knytt til arealplanar, byggje- og delesaker (plandialog, byggjesakdialog, sakssystem) vil ikkje fungere optimalt før nye webkartløysingar er på plass i dei nye kommunane.