Klar til oppgradering av Storsætra etter påske

Gamle Skodje skal få tryggare drikkevatn, men det krev ein overgangsperiode med klorbehandling. Difor har enkelte merka annleis smak av vatnet i det siste.

vassbehandlingsanlegg, hus sett utanfrå - Klikk for stort bilete

Vassbehandlingsanlegget på Storsætra skal få forsterka vassbehandling med nytt UV-aggregat og nytt kloranlegg for nødklor som skal brukast dersom den vanlege vassbehandlinga sviktar. Det blir også nytt aggregat for nødstraum som sikrar at anlegget er i drift sjølv om straumen går.

Bjørn Skulstad, avdelingsleiar for vatn i Ålesund kommune seier oppgraderinga gjer at vassbehandlinga vil innfri krava i drikkevassforskrifta.

Og ikkje minst vil oppgraderinga gi folk meir stabil og sikker forsyning av reint drikkevatn.

Trygt vatn
 

I anleggsfasen må ein behandle vatnet med klor. 
-    Då vil abonnentane kunne merke endra lukt og smak av vatnet, men vatnet skal vere trygt å drikke.
 

For å sikre at klorbehandlinga fungerer og blir gjort på rett måte når ombygginga av Storsætra startar og det vanlege vassbehandlingsanlegget er ute av drift, har ein no prøvd behandlingsløysinga. Det har vore gjort i samarbeid med Mattilsynet og det har ikkje vore tilsett mengder med klor som er farleg for folk. 

Enkelte kan i denne perioden ha kjent smak eller lukt av jord eller myr. 
 

Slepp å koke vatnet
 

Prøveperioden er no over, og det vert ikkje tilsett klor før anleggsfasen startar over påske. Det er planlagt at arbeidet på Storsætra vil ta om lag to veker. 
 

Med klorbehandling i anleggsperioden gir vi folk fullgodt vatn også medan vi arbeider på Storsætra, og abonnentane slepp belastninga med å måtte koke vatnet.