Innbyggarbrosjyre om kommunedelinga er på veg til postkassa di

Ei viktig hending står for døra, og for å halde innbyggarane våre informerte er det sendt ut ein brosjyre som kjem til å lande i postkassene til alle husstandar i kommunen i løpet av denne veka.

Bilde av brosjyre - Klikk for stort bileteInnbyggarbrosjyre Ålesund kommune

Merk: 
Det har dessverre blitt ein feil på side 6 i brosjyren, der ikkje alle partia i Ålesund kommunestyre har kome med i illustrasjonen som viser fordelinga av representantar. Det ligg ei oppdatert liste nedst i denne artikkelen.
 

Denne brosjyren er meint som ein ressurs for å sikre at innbyggarane i Ålesund og Haram er oppdaterte på endringane som vil kome når kommunedelinga skjer den 1. januar. 

Brosjyren gir informasjon om kva folk kan forvente når dei nye kommunane blir etablert. Det er viktig at alle veit kva kommunedelinga vil bety i kvardagen deira, som til dømes endringar i tenestetilbod, nye kontaktopplysningar og korleis den lokale politiske styringa blir.

Gjennom brosjyren kan ein også bli litt betre kjend med dei nye ordførarane i kommunane. 

Kvifor brosjyre?

Brosjyren er utforma for å vere lett å forstå, med tydeleg og klar informasjon som gjer det mogleg for kvar innbyggar å navigere gjennom endringane på ein trygg og god måte.

Eit av måla med brosjyren er å nå dei som ikkje er på nett, for å sikre at også dei får den viktigaste informasjonen om kommunedelinga. Om du har nokon rundt deg som ikkje får følgt alt av informasjon som blir lagt ut på kommunen si nettside, gå gjerne gjennom brosjyren saman med dei. Slik kan vi sikre at overgangen til dei nye kommunane ikkje vert prega av overraskingar og uro.

Så hald eit auge på postkassa di denne veka, og ta deg tid til å lese gjennom innbyggarbrosjyren. Det er din nøkkel til å forstå, engasjere deg og delta i den viktige prosessen med å forme det nye kapittelet for lokalsamfunnet vårt. 

Partifordeling - Ålesund kommunestyre 2024-2027

Partifordeling - Ålesund kommunestyre 2024-2027
Parti Tal representantar
Fremskrittspartiet (FrP) 13
Høyre (H)  11 
Arbeiderpartiet (Ap) 
Ålesundlista (Å) 
Sosialistisk Venstreparti (SV) 
Kristelig Folkeparti (KrF) 
Senterpartiet (SP) 1
Miljøpartiet De Grønne (MDG) 
Venstre (V) 
Industri- og Næringspartiet (INP) 
Rødt (R)