Ho er ny kommunalsjef for oppvekst

Det er no tilsett ny kommunalsjef for oppvekst. Ho kjem frå tilsvarande stilling i Sula kommune.


 

portrettbilete av kvinne - Klikk for stort bileteHildegunn Pedersen er ny kommunalsjef for oppvekst privat

Hildegunn Pedersen er i dag kommunalsjef for kultur og oppvekst i Sula kommune. Når dagens kommunalsjef i Ålesund, Bjørn Ivar Rødal, går av med pensjon ved årsskiftet, er det ho som tek over i stillinga som øvste leiar for oppvekst. 

Hildegunn har tidlegare vore både rektor og lærar, og med master i utdanningsleiing, er ho godt skikka til oppgåva framføre seg.

Det var 12 søkarar til stillinga, og kommunedirektør Steven Hasseldal er glad for at Hildegunn takka ja til å kome hit til oss.

– Ho vert eit godt tilskot til leiinga her i Ålesund kommune. Det er svært positivt at Hildegunn har høve til å starte opp allereie frå 1. januar, og at vi dermed slepp ei venteperiode. 

Den påtroppande kommunalsjefen ser fram til å ta fatt i den nye rolla.

– Det blir veldig spennande å gå inn i leiargruppa i ein kommune så stor som Ålesund.