Haram kommune har fått ny nettside

Den første døra inn til den nye kommunen er no opna - Haram kommune har lansert si nye nettside. 

Skjermbilde av ei nettside - Klikk for stort bileteSlik ser nettsida til Haram kommune ut.

Nettsida er kommunen sin hovudkanal for å informere om tenestene, politiske saker og kva som går føre seg i kommunen. Nettadressa er haram.kommune.no

Det er først frå 1. januar 2024 at Haram kommune startar opp. Difor kan det i ein periode vere nokre ting som ikkje vil virke på nettsida – slik som e-post og nokre skjema. Kontaktinformasjon og søk i telefonlista vil heller ikkje fungere før frå årsskiftet.

Andre ting vil trengs det litt meir tid til å få på plass – slik som nye planar og reglement, så i ein overgangsfase vil det som blei vedtatt i Ålesund kommune gjelde.

Sjå kva som er på plass på nettsida

Sjå korleis overgangen til ny kommune blir