Fritidskort, fordeling og framtida for Skutvika

Torsdag 21.09 vert kommunestyret samla til nytt møte. På sakslista står endeleg vedtak om fordeling av verdiar etter kommunedelinga, modell for fritidskort for unge, og sluttbehandling av Skutvika sin områdeplan. Trykk deg inn på nettsaka for meir informasjon om sakane som skal opp til behandling.

Mann og kvinne på talarstol - Klikk for stort bileteOrdførar Eva Vinje Aurdal og kommunedirektør Jon Steven Hasseldal under eit kommunestyremøte Jon Åge Giske Andersen

Sjølv med lokalvalet over, er det framleis ei rekke saker det sittande kommunestyret skal avgjere. Det er først frå nyttår av at dei to nye kommunestyra tek over.

Her er ei oppsummering av nokre saker, meir informasjon om desse og andre saker finn du i sakspapira.

Det er også råd å sjå møtet direkte, eller som opptak, på KommuneTV.

Planen klar for Skutvika

Det har vore ein lang prosess å få ein områdeplan klar for Skutvika, som er tenkt å gå frå eit industriområde, til eit med bustadar, grøntareal og mykje meir. 

Planen for Skutvika-området er resultatet av ein god og omstendig prosess. Planen syner ei oppbygging med kvartal som følgjer eksisterande gater på Aspøya, bustadområde med ein bydelspark, strandpromenade, og sjøbad. Det vil kunne gjere Aspøya til ein meir spennande og attraktiv bydel for alle i området.

Det var tre ting som kunne påverke planen for Skutvika.

  • kor Brosundtunnelen skal gå
  • kor kollektivtrafikken skal gå
  • kor sykkelvegen skal vere.

Desse er no avklart på ulike måtar, og ein kan då ta fatt på neste steg.

Ein annan føresetnad for å gjennomføre planen, med flytting av kaiområdet til Flatholmen, er at den nye bydelsparken og delar av det grøne området blir brukt som erstatning for friluftsområdet som går tapt til meir kaiområde. Miljødirektoratet har sagt at dette kan aksepterast under visse vilkår.

Tidlegare høyringsinnspel frå innbyggjarar er no tatt omsyn til, og planen har blitt justert litt basert på desse tilbakemeldingane. Endringane er ikkje så store at dei treng ei ny høyringsrunde. Kommunedirektøren tilrår at kommunestyret godkjenner planen no.

Inkludering gjennom fritidskort i Ålesund

Ålesund kommune ønsker å innføre ei ny ordning med fritidskort for unge. Målet med denne ordninga er å gi born frå familiar med lågare inntekt moglegheit til å delta i ulike fritidsaktivitetar.

For å utvikle denne ordninga har Ålesund kommune samarbeidd breitt, både internt med tilsette i kommunen og gjennom ungdomsrådet. I tillegg har ein teke omsyn til innspela frå rapporten "Familiefattigdom – notat frå innspelsmøte i Ålesund".

Etter grundige faglege vurderingar føreslår administrasjonen ei prøveordning som varer i 3 år. Denne ordninga vil følgje modellen med behovsbaserte fritidskort og vil ha ein øvre aldersgrense på 24 år. Kommunen føreslår også å fjerne den nedre aldersgrensa på 6 år, slik at også born i alderen 4-5 år kan få tilbod om fritidsaktivitetar dersom det synast som viktig for deira utvikling.

Beløpet som vil vere tilgjengeleg på kvart fritidskort er sett til 2 400 kroner per brukar. Dette beløpet er basert på kommunen sine tidlegare erfaringar med "Kontantkassa" og har vist seg å vere tilstrekkeleg for å dekke kostnadene til ein fritidsaktivitet. Det er planlagt å evaluere dette beløpet under prøveperioden.

Det er tenkt å bruke Friskus Fritidskonto, som allereie er etablert som ein digital plattform i Ålesund kommune, for å distribuere fritidskorta. Dette vil auke sjansen for at vi når fleire born i familiar med økonomiske utfordringar, samt unge som ikkje er involvert i arbeid, utdanning eller skule. Dette er ein førebyggjande modell som bidrar til tidleg innsats for å motverke utanforskap, noko som på sikt er til gode for sosial utjamning og økonomisk gevinst for samfunnet.

Målsettinga med denne ordninga er i tråd med kommuneplan "Livskvalitet for innbyggjarane" og folkehelsestrategien, spesielt måla om kvardagsaktivitet, psykisk helse og å redusere sosiale ulikskapar i helse. Vidare støttar dette tiltaket fleire av FNs berekraftsmål, inkludert mål om god helse og livskvalitet, mindre ulikskap og samarbeid for å nå måla.

Økonomisk fordeling ved kommunedeling

Forskrift om gjennomføring av deling av Ålesund kommune til Haram kommune og Ålesund kommune inneheld ikkje føringar for delinga av balansen til Ålesund kommune mellom dei to nye kommunane. Dette er naudsynt for å kunne lag eit budsjettforslag for dei to nye kommunane.

Kommunedirektøren foreslår nokre prinsipp for denne fordelinga. Dei to nye kommunane må verte einige om korleis dei skal dele eigedomar, gjeld og andre økonomiske forpliktingar. 

I praksis vil dei føreslegne hovudprinsippa innebere at det ein tok med seg inn i den nye kommunen vil ein få med seg ut att når den vert delt – sjølvsagt med justeringar for dei transaksjonane som har skjedd i løpet av den tida ein har vore ein og same kommune. 

Endeleg fordeling av dei økonomiske verdiane kan ikkje gjerast før rekneskapen for 2023 er ferdig revidert og handsama i kommunestyra. Først då veit ein kva som faktisk skal delast. Prinsippa som er foreslegne vil lette det førebuande arbeidet fram til det vert lagt fram ei endeleg sak om deling av «buet» for dei to kommunestyra ein gong ut i 2024.